Life in a Day

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Life in a Day er debutalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i april 1979 på Zoom.

Meir informasjon Simple Minds-kronologi, Singlar frå ...

Det nådde 30. plassen på UK Albums Chart. Tittelsporet og «Chelsea Girl» kom ut på singlar.

Remove ads

Utgjeving og mottaking

Life in a Day låg seks veker inne på den britiske albumlista og nådde 30. plassen der.[1] Tittelsporet kom ut 12. mai som den første singelen til Simple Minds og nådde 62. plassen på den britiske singellista, der han låg inne i to veker.[1] Den neste singelen, «Chelsea Girl», gjekk ikkje inn på lista i det heile. Det var ei hyllest til Nico- og Andy Warhol-filmen Chelsea Girls, og var ein populær konsertsong for bandet.[2]

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Andy Kellman i AllMusic rangerte dette Simple Minds-albumet lågast av dei fem første utgjevingane deira, og skreiv at dei etterlikna Magazine og Roxy Music. Han rangerte «Someone» som det beste sporet på plata.[7] NME-skribenten Tony Stewart roste tekstane og arrangementet, men meinte albumet var openbert inspirert av 70-talsmusikk. Han rangerte «Murder Story» som det beste sporet på albumet. Sjølv om han skreiv at albumet var overprodusert og undergrov stilen til bandet, vurderte han albumet som bra.[5]

I eit intervju i 2012 angra frontmannen i bandet, Jim Kerr, at produksjonen på albumet hadde ført til at songane på albumet mangla «gneisten» som var ein del av konsertframføringane deira, og skildra kjenslene hans om albumet som «bittersøtt».[8] Han hugsa at dei på den tida «køyrde opp til Skottland, og nokon gav meg ein kassett med Unknown Pleasures av Joy Division... og eg tenkte at me hadde fullstendig mislukkast».[9]

Remove ads

Innhald

All tekst skriven av Jim Kerr; all musikk komponert av Charles Burchill og Jim Kerr

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads