Like an Animal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Like an Animal
Remove ads

«Like an Animal» (norsk omsetjing ‘som eit dyr’) er ein song frå 2023 med det italienske rockebandet Piqued Jacks. I februar 2023 vann låten den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino 2023 og var det sanmarinske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Like an Animal» er skriven av bandet sjølv og var blant deltakarane i den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino 2023, i regi av den sanmarinske ålmennkringkastaren San Marino RTV.[1]

«Like an Animal» vann finalen 26. februar 2023 og blei det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2023.[2][3] Låten blei sloppen for strøyming på YouTube 22. februar, men blei offisielt gjeven ut som singel 5. april 2023.

San Marino deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der enda «Like an Animal» på delt sisteplass med null poeng og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[4][5]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads