Piqued Jacks
italiensk band From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Piqued Jacks er eit italiensk rockeband skipa i 2006. Det består av Andrea Lazzeretti («E-King», vokal, piano, synthesizer), Marco Sgaramella («Majic-o», gitar), Francesco Bini («littleladle», bass) og Tommi Oliveri («HolyHargot», trommer). Dei representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Like an Animal», etter å ha vunne den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino 2023.
Remove ads
Bakgrunn
Piqued Jacks blei skipa i 2006 i byen Buggiano, nordvest for Firenze.[1] I 2010 og 2011 slapp bandet sine fyrste to EP-ar, og i 2012 jobba dei med den Los Angeles-baserte produsenten Brian Lanese med ein tredje EP, Just a Machine, som blei gjeven ut i januar 2013.[2]
Våren 2014 jobba dei med Matt Noveskey (frå rockebandet Blue October) på singlane «Upturned Perspectives» og «No Bazooka». Det fyrste studioalbumet til Piqued Jacks, Climb Like Ivy Does, kom i 2015, og den akustiske versjonen, Aerial Roots, kom i 2016.

I juni 2018 gav Piqued Jacks ut singelen «Wildly Shine», pre-produsert av Michael Beinhorn (frå Red Hot Chili Peppers og Soundgarden). Same haust kom oppfølgjaralbumet The Living Past, som var produsert av Dan Weller (frå Enter Shikari og Bury Tomorrow). I 2019 vann Piqued Jacks rockeprisen under festivalen Sanremo Rock.[3]
Våren 2020 blei Piqued Jacks ein del av MTV-prosjektet MTV New Generation.[4] I september same år kom singelen «Safety Distance», det fyrste samarbeidet til bandet saman med Brett Shaw (Foals, Florence + The Machine). I mars 2021 kom det tredje studioalbumet Synchronizer, produsert av Julian Emery (Nothing But Thieves, McFly), Brett Shaw og Dan Weller.[5]
I 2023 deltok Piqued Jacks i den andre utgåva av Una voce per San Marino, der vinnaren fekk representere San Marino i Eurovision Song Contest. Dei deltok i tevlinga med låten «Like an Animal» og vann finalen 25. februar 2023. Som vinnarar fekk dei representere San Marino i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[6][7] I semifinalen enda dei på delt sisteplass med null poeng og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[8]
Remove ads
Medlemmar
Piqued Jacks har sidan skipinga hatt eit par utskiftingar i besetninga. I 2016 blei trommisen ThEd0g erstatta av Damiano Beritelli, som igjen blei erstatta av HolyHargot i 2017. I april 2019 blei gitaristen Penguinsane erstatta av Majic-o.
- Noverande
- Andrea Lazzeretti («E-King») – vokal, piano, synthesizer (2006–)
- Francesco Bini («littleladle») – bass, støttevokal (2006–)
- Tommi Oliveri («HolyHargot») – trommer (2017–)
- Marco Sgaramella («Majic-o») – gitar, støttevokal (2019–)
- Tidlegare
- Francesco Cugia («Penguinsane») – gitar
- Matteo Cugia («ThEd0g») – bass
Remove ads
Diskografi
Studioalbum
- 2015 – Climb like Ivy Does
- 2016 – Aerial Roots
- 2018 – The Living Past
- 2021 – Synchronizer
EP-ar
- 2008 – Tight-Mess
- 2010 – Momo the Monkey
- 2011 – Brotherhoods
- 2013 – Just a Machine
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads