Liolaemus magellanicus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Liolaemus magellanicus
Remove ads

Liolaemus magellanicus er ein reptilart i familien Liolaemidae som er endemisk i Patagonia i Argentina og Chile.

Kjappe fakta
Remove ads

Kjenneteikn

Denne øgla har ein langstrekt og slank kropp med ein lang hale. Ho er dekt av skjel i grøn eller olivengrøn farge. Bestandar som lever i sanddekte område har derimot berre gråleg olivenfarga hud, noko som forbetrar kamuflasjen. På ryggen har ho svarte, kvadratiske flekker og to gulaktige striper langs kroppen. Øgla måler 6 cm frå snute til kloakkopning. Hannane kan bli opptil 10 cm lange og vege 5,6 gram, medan hoene kan bli opptil 12 cm lange og vege 6,5 gram.

Ho et for det meste insekt, men supplerer kosthaldet med enkelte plantar.

Arten føder levande ungar (vivipar), og ungane blir fødde omtrent eitt år etter paring, vanlegvis midt på sommaren. Kvart kull består av mellom to og ni ungar, med eit gjennomsnitt på fem. Dei nyfødde har ein bleik grå farge.

Remove ads

Åtferd

Kroppstemperaturen til L. magellanicus avheng av lufttemperaturen. Ved låge temperaturar aukar øglene kroppstemperaturen ved soling, men dei kan også varme seg opp ved tigmotermi,[1] varmeoverføring gjennom kontakt med varme overflater. Arten har eit opportunistisk termoregulerende åtferdsmønster og utnyttar solrike dagar maksimalt. I motsetning til andre øgler som lever i kalde klima, viser ikkje L. magellanicus merkbare fargeforandringar for å forbetre lysabsorpsjon.[1]

Når ho oppdagar rovdyr, søkjer øgla raskt tilflukt i næraste holrom eller busk.[2] Viss ho blir fanga, kan ho kasta halen, der halen losnar og held fram med å røre seg for å distrahere rovdyret. Øgla regenererer seinare halen.

Remove ads

Habitat og utbreiing

Liolaemus magellanicus er den sørlegast distribuerte øgla i verda og den einaste reptilarten som finst på Storøya i Eldlandet. Ho lever på den sørlege Patagoniasteppa i Argentina og Chile, frå havnivå opp til 1100 meters høgd.

I Argentina finst ho i Santa Cruz-provinsen, medan ho i Chile lever frå Balmaceda til Punta Arenas.

Arten finst i to verneområde, Los Glaciares nasjonalpark i Santa Cruz og i Torres del Paine nasjonalpark i Magallanes-regionen, Chile.

I sommarsesongen kan arten også observerast i Pali Aike nasjonalpark i Chile.

Denne øgla lever hovudsakleg i busklandskap og på grassletter.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads