Listen to What the Man Said

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Listen to What the Man Said» er ein song av Wings frå 1975 på albumet Venus and Mars. Det nye medlemmet Joe English spelte trommer, i tillegg til gjestemusikarane Dave Mason på gitar og Tom Scottsopransaksofon.[1] Singelen gjekk til topps på Billboard Hot 100-lista i USA[1] og på RPM-lista i Canada.[2] Songen nådde òg sjetteplassen i Storbritannia og Topp 10 i Noreg og New Zealand, og Topp 20 i Nederland.[3][4] Singelen selde til gullplate i USA for over ein million eksemplar selde eksemplar.[5]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • Songen vart spelt (som «L.T.W.T.M.S.») av indiepopbandet The Trouble med Sweeney i 2004 på EP-en Fishtown Briefcase.[19]
  • Det tidlegare Wings-medlemmet Laurence Juber spelte inn songen i 2005 på albumet hans One Wing, trass i at han ikkje var medlem av bandet då songen vart spelt inn og gjeven ut.[20][21]
  • Det tidlegare Wings-medlemmet Denny Laine spelte inn «Listen to What the Man Said» i 1996 på albumet sitt Wings at the Sound of Denny Laine.[22]
  • I 2008 spelte Freedy Johnston denne songen på albumet sitt My Favourite Waste of Time.[23]
  • Refrenget frå songen vrat nytta i 2003 på dance-singelen «Just The Way You Are» av den italienske dance-gruppa Milky.[24]
  • Owl City spelte «Listen to What the Man Said» på hyllestalbumet.[25]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads