Venus and Mars av Wings

album av Wings From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Venus and Mars er det fjerde studioalbumet til Wings. Det kom ut i 1975 som oppfølgjaren til suksessalbumet Band on the Run. Venus and Mars fortsette suksessen og vart eit springbrett for ein eitt år lang verdsturné. Albumet var det første til Paul McCartney som kom ut på Capitol Records.

Meir informasjon Wings-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn og innspeling

Etter å ha spelt inn Band on the Run (1973) som eit tremannsband med kona Linda og gitaristen Denny Laine, henta McCartney inn Jimmy McCulloch på sologitar og Geoff Britton på trommer i 1974. McCartney hadde skrive fleire songar for det nye albumet, og valde å dra til New Orleans for å spele inn songane, og Wings kom dit i januar 1975. Før dei drog til New Orleans hadde Wings spelt inn tre songar i Abbey Road Studios i London i november 1974: «Letting Go», «Love In Song» og «Medicine Jar», som alle seinare vart overdubba i Sea Saint Studios mellom januar og februar.[11]

Så snart innspelinga kom i gang byrja McCulloch og Britton å krangle, og etter berre seks månader slutta Britton i bandet. Han vart erstatta av amerikanaren Joe English for å gjere albumet ferdig.[12]

Innspelinga vart produktiv med nok songar til heile albumet, i tillegg til fleire andre songar som vart framtidige B-sider, «Lunch Box/Odd Sox» og «My Carnival». McCartney valde òg å lenkje fleire av songane saman, slik The Beatles hadde gjort på Abbey Road, for å gje albumet ei meir kontinuerleg kjensle.[13]

Remove ads

Utgjeving

Før albumet kom ut kom singelen «Listen to What the Man Said» i mai 1975. Venus and Mars kom ut to veker seinare til generell god kritikk og selde godt.[14] Albumet gjekk til topps i USA, Storbritannia og fleire andre land i verda (det same gjorde «Listen to What the Man Said» i USA) og selde fire millionar eksemplar verda over.[3]

Plateomslaget, som syner to biljardkuler, som skal førestille Venus og Mars, vart designa av Hipgnosis.[15]

To singlar til, «Letting Go» og «Venus and Mars/Rock Show», kom ut. Sistnemnde nådde nesten Topp 10 i USA,[16] men gjekk ikkje inn på singellista i Storbritannia i det heile.

I september la Wings ut på den eitt år lane Wings Over the World-turneen.[17]

albumet kom først ut på CD i 1983 på Columbia Records. I 1993 vart albumet nymastra og gjeven ut på CD som ein del av serien «The Paul McCartney Collection» med bonusspor. I 2007 kom ei digital utgåve av albumet på iTunes med dei same bonusspora. I 2014 kom albumet ut på Hear Music/Concord Music Group i fleire forskjellige format.[18]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Paul og Linda McCartney, utanom der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Andre spor

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Paul & Linda McCartney

Meir informasjon Nr., Tittel ...

2014-utgåva

  • Standardutgåve 2-CD; det originale albumet og 14 bonusspor på den andre plata.
  • Luksusutgåve 2-CD/1-DVD;
    • same som standardutgåva på dei to CD-platene
    • ei bok på 128 sider med nytt intervju med Paul McCartney og mange fotografi tekne av Linda McCartney og Aubrey Powell (kalla «Nashville Diary 1975») og anna
    • ein DVD med innhald som ikkje var utgjeven før, inkludert ein oiginal TV-reklame for albumet, klipp av bandet i New Orleans («Recording My Carnival» og «Bon Voyageur») og øvingar frå songane frå Venus and Mars i Elstree Studios («Wings At Elstree»);
    • lenkje til nedlasting av albumet og bonusspor.
  • Nymastra vinyl
  • Høgoppløysleg digitalt album

Plate 1 Det originale albumet

Plate 2 – bonusspor

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Plate 3 – DVD

  1. «Recording My Carnival»
  2. «Bon Voyageur»
  3. «Wings at Elstree»
  4. «Venus and Mars TV Ad»

Andre digitale spor tilgjengeleg via paulmccartney.com

  1. «Letting Go [Extended Version]» – 5:39
  2. «Love My Baby [from One Hand Clapping]» – 1:16
  3. «Rock Show [New Version]» – 6:31
Remove ads

Medverkande

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1975–76), Plassering ...

Salstrofé og salstal

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads