No Security
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
No Security er eit konsertalbum av The Rolling Stones frå 1998. Albumet er spelt inn under Bridges to Babylon-turneen deira i 1997 og 1998, og er det sjette offisielle konsertalbumet deira.
På grunn av faren ved å velje dei same songane som hadde komeut på "Still Life" (American Concert 1981) og Flashpoint valde The Stones nøye ut songa som anten ikkje hadde vorte gjeven ut live før, eller som ikkje hadde vore på eit konsertalbum på lang tid. Av store hittar finst «The Last Time», «Respectable» og «Waiting On a Friend», samt albumspor som «Gimme Shelter», «Sister Morphine» og «Memory Motel». I tillegg finst fire spor frå det nye albumet Bridges to Babylon, med gjestartistar som Taj Mahal og Dave Matthews.
Albumet kom ut i november 1998 og for å reklamere for albumet, la bandet ut på ein ny turne.
No Security nådde 67. plass på den britiske albumlista, og 34. plass i USA. I Noreg nådde albumet 19. plass.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde
Japansk bonusspor
Opptak frå Amsterdam Arena 1. juli 1998
Remove ads
Medverkande
- Mick Jagger - vokal, munnspel, gitar
- Keith Richards - gitar, vokal
- Charlie Watts - trommer
- Ronnie Wood - gitar, lap-slide
- Darryl Jones - bass
- Chuck Leavell - keyboards
- Bernard Fowler - korvokal
- Lisa Fischer - korvokal
- Bobby Keys - saksofon
- Andy Snitzer - saksofon
- Michael Davis - trombone
- Kent Smith - trompet
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «No Security» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads