Llámame av Wrs

song frå 2022 med WRS From Wikipedia, the free encyclopedia

Llámame av Wrs
Remove ads

«Llámame» (spansk for 'ring meg') er ein elektropopsong frå 2022 med den rumenske songaren Wrs (uttalt ors). Songen vann den rumenske songtevlinga Selecția Națională 2022, og var det rumenske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Llámame» er skriven av Wrs sjølv, saman med Cezar Gună, Alexandru Turcu og Costel Dominteanu. Songen har både engelsk og spansk tekst. Han vart gjeven ut for strøyming og nedlasting 10. februar 2022.

Wrs og låtskrivarteamet sende songen inn til TVR si songtevling Selecția Națională 2022, det rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2022. Av til saman 94 innsende bidrag, plukka ein fagjury ut «Llámame» og 44 andre låtar til å delta i songtevlinga.[1][2] Gjennom fleire kvalifiseringsrundar tok «Llámame» seg til finalen i București laurdag 5. mars.[3][4]

I finalen deltok ti låtar, og «Llámame» vart til slutt kåra til vinnar etter å ha vunne juryavrøystinga og komme på andreplass i telefonavrøystinga.[5] Gjennom sigeren vart «Llámame» det rumenske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino.

I Eurovision Song Contest deltok «Llámame» i den andre semifinalen torsdag 12. mai. «Llámame» vart nummer 9 i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai.[6] I finalen vart han nummer 18 av 25 med 65 poeng.[6]

På grunn av den spanske tittelen på songen og fleire spanske strofer, vart «Llámame» populær i Spania etter Eurovision, særleg på sosiale medium.[7]

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2022), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads