Monster

From Wikipedia, the free encyclopedia

Monster
Remove ads

Monster eller monstrum (frå latin monere, 'varsle', tyder eigentleg 'varsel, jartegn') viser til ulike vanskapningar og uhyre[1] kjende frå folketru, mytologi og dikting. Ordet kan også visa til noko som er særs stort. Det finst ei rekkje fabeldyr som er rekna som monster. Mange av dei er ikkje-menneskelege, anten forma som dyr eller blandingar av desse, medan andre kan ha menneskelege trekk. Monster kan òg ha heilt nye former eller unormal farge, storleik, tal på lemmer eller organ og liknande.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Monster (fleirtyding).
Thumb
Kjempe frå gresk myotlogi. Mosaikk frå kring 320 på Sicilia.

Monster opptrer ofte i mytologi, segner og eventyr som noko ein helt må overvinna eller lura. I folketru og -dikting kan dei brukast til å skremma, til dømes som ei slags oppseding av born. Moderne skrekkfiksjon har fornya og dikta opp nye monster som har som hovudføremål å skapa uhygge eller redsle. Til motsats finst det også døme på verk der monster er blitt gjort snille og søte, som i animasjonsfilmen Monsterbedriften.

Nemningane «monster» og «uhyre» er også blitt brukte om personar som har utført særs grove brotsverk, eller om store eller uhyrlege ting, som monsterbølgje, monstertruck eller «monstermaster».[2]

Thumb
Japansk monster frå Ehon hyaku monogatari, ca. 1841.
Thumb
Menneske utkledde som monster i Braunau
Remove ads

Monster frå ulike tradisjonar

Oldtida i Mesopotamia, Midtausten og Egypt

  • Demonar, farlege andevesen
  • Griff, løve- og ørneskapning
  • Lotan (Leviathan i Bibelen)
  • Sfinks, menneske- og løveskapning
  • Tiamat, babylonsk drake
Thumb
Sjøuhyret Skylla.

Antikke

Nordisk mytologi

Thumb
Drake som tek ein elefant. Illustrasjon frå Aberdeen Bestiary frå 1100-talet.

Europeisk mellomalder

Thumb
Ravana er ein indisk asura.

Asiatiske monster

  • Asura, indisk demon
  • Djinn, arabisk demon
  • Ghoul, arabisk gravstadsdemon
  • Naga, indiske slangemonster
  • Yōkai, japanske spøkjelsemonster

Barnemonster

Skrekksjangeren og science-fiction

Vass- og sjøuhyre

Thumb
Sjøuhyre gravert av Johann Zahn i 1696.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads