Looking Back av Aksel Kankaanranta
song frå 2020 med Aksel Kankaanranta From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Looking Back» (norsk 'ser seg tilbake') er ein popballade frå 2020 som vert framført av den finske songaren Aksel Kankaanranta. Songen vann den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu 7. mars 2020 og skulle ha vore det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]
Remove ads
Om songen
«Looking Back» er skriven av Joonas Angeria, Whitney Phillips, Connor McDonough, Riley McDonough og Toby McDonough og handlar om kjærleik og ei kjensle av å vere utilstrekkeleg.[2] Songen handlar òg om å feire livet, som då ein var ung og berre ville verte vaksen – men så vert ein vaksen og innser at ungdomstida er over. Låtskrivar Joonas Angeria seier om teksta: «Å leve i noet er verkeleg viktig».[3]
Den finske kringkastaren Yle kunngjorde i januar 2020 at «Looking Back» var eit av seks bidrag i den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu 7. mars 2020 i Tammerfors. Songen vann juryavrøystinga og vart nummer to i telefonavrøystinga, men vann tevlinga samanlagt. Med sigeren skulle «Looking Back» ha vore det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2020.[4]
Eurovision Song Contest
I januar 2020 vart Finland trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore halden i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[5] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads