Loose Salute
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Loose Salute er det andre soloalbumet til den amerikanske musikaren Michael Nesmith etter han slutta i The Monkees. Albumet kom ut på RCA Records i 1970 og var dedisert til Tony Richland. Albumet nådde 159. plassen på Billboard Pop Albums-lista.
Remove ads
Historie
Versjonen av «Listen to the Band» er den tredje versjonen av songen. Han var tidlegare gjeven ut på 33⅓ Revolutions Per Monkee og som ein singel seint i 1969 med The Monkees. Nesmith spelte òg inn Monkees-songen «Carlisle Wheeling», men skifta namnet på denne til «Conversations».
Albumet inneheld eit delvis instrumentalt nummer, «First National Dance», som vart spelt inn for albumet, men som i siste augneblink vart erstatta av «Silver Moon», som kom ut på singel i Australia og gjorde det ganske godt der, med ein 14. plass på singellista. Ein versjon av Jerry Reed-songen «Guitar Man» vart spelt inn, men ikkje gjeven ut på albumet. Då albumet kom ut på ny i lag med Magnetic South på CD av RCA/BMG International i 2000, vart «First National Dance» gjeven ut som bonusspor.
Sporet «Bye, Bye, Bye» vart spelt inn og miksa elleve gonger før Nesmith var nøgd med resultatet. Dette forseinka utgjevinga av albumet.
Remove ads
Mottaking
Allmusic skreiv i meldinga si: «Loose Salute heng ikkje like godt saman som Magnetic South, men materialet er sterkt, bandet høyrest bra ut og Michael Nesmith kom med fleire overraskingar enn han hadde gjort på det første albumet. Det er ei av dei beste platene i katalogen hans som soloartist.»[4]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Michael Nesmith, utanom der andre er nemnde
Personnel
- Michael Nesmith – vokal & rytmegitar
- John London – bass
- John Ware – trommer
- Red Rhodes – pedalsteelgitar
med:
- Glen Hardin – piano
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads