Nevada Fighter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nevada Fighter er det tredje soloalbumet til den amerikanske musikaren Michael Nesmith etter han slutta i The Monkees. Det var det tredje og siste albumet hans pelte inn med First National Band. Det kom ut på RCA Records i 1971 og nådde ikkje høgare enn 202. plassen på albumlista. Den første singelen frå albumet, «Nevada Fighter», nådde 70. plassen på Billboard-lista.
John London og John Ware slutta i gruppa seint i november 1970. To spor kom ikkje med på det endelege albumet - «Here I Am» (spelt inn tidleg i januar 1971) og «Only Bound» (spelt inn seint i januar). Nesmith henta inn James Burton, Joe Osborn og Ron Tutt til å fullføre albumet. Dei tre hadde arbeidd i lag med Nesmith då han var ein del av The Monkees.
Sporet «Nevada Fighter» vart opphavleg spelt inn med tittelen «Apology.» «Propinquity» var den tredje versjonen av denne songen Nesmith spelte inn. Han laga ein demo av songen for The Monkees i 1966 og spelte inn ein versjon med gruppa i 1968.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Michael Nesmith, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Salslister
Medverkande
- Michael Nesmith – vokal, gitar
- John London – bass
- John Ware – trommer
- Red Rhodes – pedalsteelgitar
Andre medverkande:
- Joe Osborn – bass
- Max Bennett – bass
- Glen Hardin – klaverinstrument
- Michael Cohen – klaverinstrument
- Ron Tutt – trommer
- James Burton – gitar
- Al Casey – gitar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads