Love Hurts

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Love Hurts» er ein song skriven av Boudleaux Bryant. Han vart først spelt inn av The Everly Brothers i juli 1960, men vart særs kjend i 1975 då han vart ein internasjonal hit med hardrockbandet Nazareth og med Jim Capaldi same året.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Songen vart introdusert i desember 1960 på albumet A Date with The Everly Brothers, men vart ikkje gjeven ut på singel av dei. Den første hitversjonen av songen hadde Roy Orbison, som fekk songen spelt på australsk radio og nådde topp 5 på den australske countrysong-lista i 1961. Ei innspeling av Emmylou Harris og Gram Parsons vart gjeven ut på det posthume albumet til Parsons, Grievous Angel. Etter Parsons døydde i 1973 brukte Harris å spele songen fast på konsertane sine. Harris har sidan spelt inn songen to gonger.

Den mest suksessrike innspelinga av songen vart gjort av hardrockbandet Nazareth, som nådde topp 10 med songen i USA i 1975 og toppen av singellistene i Noreg og Nederland. I Storbritannia vart den mest suksessrike versjonen av songen spelt inn av det tidlegare Traffic-medlemmet Jim Capaldi, som nådde fjerdeplassen på singellista der i november 1975. Songen vart òg spelt av Cher i 1975 for albumet Stars. Cher spelte inn songen på ny i 1991 for albumet hennar med same namn. Rod Stewart spelte inn songen i 2006 for albumet Still the Same... Great Rock Classics of Our Time som låg på toppen av albumlista Billboard 200.

Remove ads

Roy Orbison-versjonen

Roy Orbison spelte inn «Love Hurts» i 1961 og gav han ut som B-side til «Running Scared». Medan «Running Scared» var ein internasjonal hit, vart B-sida berre stor i Australia. Derfor står singelen oppført som ei dobbel A-side i Australia i lag med «Running Scared». Begge sidene nådde femteplassen på lista der. Dette gjer innspelinga til Orbison den første hitversjonen av songen.

Meir informasjon Liste (1961), Plassering ...
Remove ads

Jim Capaldi-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Jim Capaldi nådde fjerdeplassen på den britiske singellista med si tolking av «Love Hurts» i november 1975, som var den høgaste singelplasseringa han klarte i karrieren.[1] Denne versjonen vart av Rolling Stone skildra som «å ha ei kjensle av smerte som er særs forskjellig frå Orbison sin versjon»,[2] og singelen nådde òg singellista i USA,[3] Tyskland,[4] og Sverige.[5]

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...
Remove ads

Nazareth-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Nazareth sin versjon vart framført som ein rockeballade og var den mest populære utgåva av «Love Hurts». Han vart ein hittsingel i USA med ein åttandeplass på Billboard Hot 100 tidleg i 1976. Billboard rangerte songen på 23. plassen for 1976.[6] Som ein del av «Hot Tracks (EP)» nådde han òg 15. plassen i Storbritanna i 1977.[7] Nazareth-versjonen vart ein internasjonal hit og gjekk mellom anna til topps i Canada, Sør-Afrika og Noreg. Nazareth-versjonen var så populær i Noreg at han låg inne på VG-lista, som då berre var ei topp 10-liste i heile 61 veker, inkludert 14 veker på førsteplassen. Dette gjer singelen til den største nokon gong i Noreg.[8]

Ei seinare innspeling av Nazareth med München filharmoniske orkester nådde 89. plassen i Tyskland.

Teksten på songen vart verande uendra fram til Nazareth-versjonen, der linja «love is like a stove/it burns you when it's hot» vart endra til «love is like a flame/it burns you when it's hot». Nazareth-versjonen er nytta i filmane Dazed and Confused, Detroit Rock City, Together, Click og Halloween. Han vart nytta i ein reklamar for Gatorade, Southwest Airlines, Molson, Nissan (for Altima), Zurich og Toyota i Australia.

Lister og salstrofé

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...

For alle tider

Meir informasjon Liste, Plassering ...
Remove ads

Cher-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Cher spelte òg inn songen i 1975, men fekk ikkje ein hitt då. Ho spelte songen inn på ny i 1991 og denne vart ein mindre hit i USA, men igjen slo han til i Noreg.

Meir informasjon Liste (1991), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

Meir informasjon Artist, Utgjeve ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads