Love in an Elevator

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Love in an Elevator» er ein song av det amerikanske rockebandet Aerosmith, skriven av Steven Tyler og Joe Perry. Han kom ut i august 1989 som den første singelen frå det tredje albumet deira på Geffen Records, Pump, gjeve ut i september.[1] Singelen nådde femteplassen på Billboard Hot 100 og gjekk til topps på Hot Mainstream Rock Tracks chart.[8] RIAA sertifiserte singelen til gullplate.[9]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

Ifølgje Tyler var songen basert på ei faktisk oppleving der han klinte med ei kvinne i ein heis og dørene opna seg.[10] Tyler sa at «Det kjendest som eit heilt liv å venta på at dørene skulle lukka seg.»[10]

Innspeling

«Love in an Elevator», som dei andre spora på Pump, vart spelt inn ein gong i april til juni 1989 i Little Mountain Sound Studios i Vancouver. Songen vart produsert av Bruce Fairbairn og vart lydteknisk utført av Mike Fraser med Ken Lomas som andre lydteknikar, og i tillegg til Aerosmith – Steven Tyler (solovokal), Joe Perry (gitarar, korvokal), Brad Whitford (gitarar, korvokal), Tom Hamilton (bass, korvokal) og Joey Kramer (trommer) - var Bob Dowd (korvokal), Bruce Fairbairn (korvokal) og Catherine Epps (heisoperatør).[3]

Remove ads

Innhald

7" 45 RPM

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

CD-singel

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Musikkvideo

Musikkvideoen til «Love in an Elevator» vart regissert av Marty Callner.[11] I byrjinga av videoen går Aerosmith gjennom eit fancy varehus. Ein heisoperatør (spelt av tidlegare Playboy-modell Brandi Brandt) spør Tyler suggestivt om han «går ned». Tyler hoppar inn i heisen før bandet byrjar å spela songen på scena (med fleire klipp til scener i varehuset).[12][13][14]

Mottaking

Sangen vart nominert til ein Grammypris i 1990 for beste hardrocksong, men tapte mot Living Colour.

På konsert

Songen har konsekvent vore ein fast del av settlista til bandet på nesten alle turnear dei har spelt sidan songen vart gitt ut. Det er ein fanfavoritt og er godt kjent blant mainstream-publikummet.

Tyler endrar ofte teksten på konsertane til noko meir kontroversielt og banneprega; på ein versjon av songen på livealbumet A Little South of Sanity, henta frå turneane til bandet på 1990-talet, kan lyttarane høyra Tyler seia «jackin' in the elevator» og «lick your funky ass» (eller «fucking ass») i staden for «kiss your sassafras».

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1989), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads