Lullabye (Goodnight, My Angel)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Lullabye (Goodnight, My Angel)» er ein song av Billy Joel frå albumet River of Dreams i 1993. Han var inspirert av Alexa Ray Joel, dottera hans med Christie Brinkley. Songen er spelt i G-dur.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Billy Joel-kronologi ...

Songen vart opphavleg skriven som ein introduksjon til songen «The River of Dreams» som ein monofonisk gregoriansk song. Joel hadde skrive ein engelsk tekst til songen som skildra ein mann som har mista trua si, og fekk han så omsett til latin.[1] Han endra meining då han høyrte innspelinga og innlemma han i songen «River of Dreams». Han fjerna seinare mellomspelet i den endelege studioversjonen av «River of Dreams», og skreiv i staden tekst til melodien som reflekterer kjenslene hans for Alexa Ray, som var eit lite barn då songen vart skriven. Versjonen av «River of Dreams» med Lullabye finst som ein alternativ versjon i plateboksen My Lives, og på An Evening of Questions and Answers...And A Little Music.

I 2004 vart det annonsert at Billy Joel skulle skrive to barnebøker for forlaget Scholastic. Den første boka heitte Goodnight, My Angel (A Lullabye), og bileta i boka er basert på songen og illustrert av Yvonne Gilbert.

Remove ads

Andre versjonar

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Wise Guys, Gas House Gang, John Stamos, Cantabile, Celtic Woman, The King's Singers, Libera, Mormon Tabernacle Choir, Celine Dion-albumet Loved Me Back to Life, Terence Stamp og Hayley Westenra.

Lister

Meir informasjon Liste (1994), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads