Greatest Hits av Billy Joel

Wikipedia-artikkel som dekker flere emner From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Greatest Hits er ei samleplate av Billy Joel, gjeven ut i to delar, med 12 års mellomromm. Den første samlinga består av to plater kalla Volume I og Volume II, og kom ut i 1985. Den andre, kalla Volume III, kom ut i 1997. Alle songane, utanom dei tre siste på Volume III, «To Make You Feel My Love», «Hey Girl» og «Light as the Breeze» var skrivne av Joel. «You're Only Human (Second Wind)» og «The Night Is Still Young» finst berre på den første plata. Dei andre songane kjem stort sett i kronologisk rekkefølgje og representerer generelt dei mest populære singlane til Joel.

Meir informasjon Billy Joel-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Greatest Hits – Volume I & Volume II har selt til dobbelt diamantalbum i USA, med over 11,5 millionar eksemplar (23 millionar einingar) og ligg i USA likt med The Wall av Pink Floyd og Led Zeppelin IV av Led Zeppelin som det tredje mest selde albumet i USA.[2] Albumet nådde toppen av VG-lista i Noreg i 1994, og låg på toppen i fem veker i strekk.

Greatest Hits Volume I & Volume II inneheld hittar frå 1973 til 1985 i kronologisk rekkefølgje, med eitt unntak. Albumet inneheld to spor som ikkje før var gjevne ut, «You're Only Human (Second Wind)» og «The Night Is Still Young» (som berre finst på denne samlinga, medan «You're Only Human» seinare finst på samleplata The Ultimate Collection som kom i 2000). Somme utgåver inneheld ikkje «Honesty» som den siste songen på side 2, og har i staden «Don't Ask Me Why» som den tredje songen på side 3.[3]

Remove ads

LP-utgåva

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Kassett-versjon

Same som LP-versjonen, men sidan han berre bestod av ein kassett, er LP side 1 og 2 på side ein av kassetten og side 3 og 4 av LP-plata på den andre sida.[treng kjelde]

CD-utgåva

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Greatest Hits Volume III

Meir informasjon Billy Joel-kronologi, Singlar frå ...

Greatest Hits Volume III inneheld hittar frå 1983 til 1997. Tre spor som ikkje før var gjevne ut finst på albumet, «To Make You Feel My Love», «Hey Girl» og «Light as the Breeze». Alle desse tre er coverversjonar. Joel spelte inn songen «Light as the Breeze» for eit hyllestalbum til Leonard Cohen, Tower of Song, som kom i 1995.

Kronologisk sett overlappar Greatest Hits Volume III noko med Volume II, sidan dei første to spora, «Keeping the Faith» og «An Innocent Man», først kom ut på albumet An Innocent Man.

Alle songar av Billy Joel utanom der anna er nemnt:

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

The Complete Hits Collection: 1973–1997

The Complete Hits Collection: 1973–1997
Konsertalbum av Billy Joel
Utgjeve 13. oktober 1997
Innspelt 1997
Sjanger Rock, intervju
Lengd 1:18:03
Selskap Columbia
Produsent Billy Joel

Den 14. oktober 1997 vart ein plateboks med dei tre Greatest Hits-albuma, i tillegg til ein fjerde disk (kalla An Evening of Questions & Answers... & A Little Music) med konsertopptak og ein Q&A med Joel.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads