Luo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Luo (Dholuo, uttalt [d̪ólúô][2]) er eit nilosaharisk språk som talast av 4 410 000 av luofolket i Kenya og Tanzania som bur ved østkysten av Victoriasjøen og område sør for dette.[3] Språket vert brukt i sendingar på KBC (Kenya Broadcasting Corporation, tidlegare Voice of Kenya) og Radio Ramogi. Luo er i nær slekt med lango, acholi og adhola som alle blir tala i Uganda, og i fjernare slekt med luwo som blir tala i Sør-Sudan.

Kjappe fakta
Remove ads

Fonologi

Luo er eit tonespråk. Det har både leksikalsk tone og grammatisk tone, t.d. i danninga av passive verb.[4] Det har vokalharmoni etter ATR-status: vokalar i ikkje-samansette ord må vera anten [+ATR] eller [−ATR]. ATR-harmonien gjeld òg halvvokalane //w, y/, y/.[5] Vokallengda er kontrastiv.

Vokalar

Luo har to sett av vokalar som skil seg frå kvarandre med trekket [+/−ATR] ("advanced tongue root", dvs. at [+/-ATR] viser til to ulike uttalemåtar av same vokal).

Meir informasjon Fremre, Midtre ...
Meir informasjon Fremre, Midtre ...

Konsonantar

I tabellen nedanfor står ortografiske symbol i parentes om dei er ulike frå IPA-symbola. Merk spesielt at <y> brukast for IPA [ɪ], noko som er vanleg i afrikanske ortografiar. <th> og <dh> er plosivar og ikkje frikativar som i swahili.[6]

Meir informasjon Labialar, Dentalar ...
Remove ads

Grammatikk

Luo er kjend for kompliserte fonologiske vekslinger, som blant anna brukast for å skilje uomsettelege eigetilhøve frå omsettelege. Dette første dømet er ein omsettelig eigedom, sidan beina ikkje er del av hunden:

chogo guok
bein hund
«beinet til hunden» (som han et)

Følgjande er likevel ein uomsettelig besittelse, sidan beinet i dette dømet er ein del av kua:

chok dhiang'
bein (status constructus) ku
«eit kubein» (beinet til kua)[7]
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads