Mórnos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mórnos (gresk Μόρνος) er ei elv som renn gjennom periferieiningane Fokída og Etoloakarnanía i Hellas. Ho har sitt utspring i Ítifjella nær grensa til prefekturet Fthiótida og renn gjennom landsbyen Mavrolithári og fleire andre i ein skogkledd dal. Ho renn ut i Mórnosreservoaret som gjev vatn til periferieininga og er ein del av elva i om lag 6 km. Ho renn så vest for Lidoríki og inn i ein anna skogkledd dal. Her dannar ho grensa mellom Fokída og Etoloakarnanía og renn gjennom Tríkorfo, Dáfni og mellom Kastráki og Návpaktos, før ho munnar ut i Korintbukta.
Remove ads
Reservoaret
Mórnosreservoaret vart bygd på midten av 1900-talet og la natur og skogområde under vatn. Vegen mellom fleire landsbyar i Vardoúsiafjella og hovudvegen vart òg lagt under vatn. I dag gjev reservoaret vatn til Fokída og delar av Fthiótida og Viotía.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mornos» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2007 .
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads