Maggie MacInnes
britisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Maggie MacInnes (fødd 29. august 1963) er ein skotsk folkesongar og harpist som hovudsakleg syng på skotsk-gælisk og skotsk. Ho har vore med i grupper som Ossian, Fuaim, Eclipse First og The Maggie MacInnes Band.[1]
MacInnes blei fødd i Glasgow som dotter av advokaten Alister MacInnes og den legendariske folkesongaren Flora MacNeil, begge opphavleg frå Barra i Hebridane.[2] Ho lærte mange songar av mor si.[1]
I 2002 skreiv MacInnes «Oran na Mna» (A Woman’s Song) som bestillingsverk for «New Voices» ved Celtic Connections-festivalen. Verket blei utvikla til eit album med same namn, og inspirerte også ein fjernsynsserie på BBC Alba.[1]
Ho har utforska sambandet mellom den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns og gælisk musikktradisjon. I lag med Colum Sands frå Nord-Irland har ho teke for seg sambandet mellom irske og skotske tradisjonar.[1]
Remove ads
Diskografi
Soloalbum
- Cairistìona (1984) – med George Jackson frå Ossian
- Eilean Mara (Island in the Sea) (1998)
- Spiorad Beatha (The Spirit of Life) (2001)
- Peaceful Ground (Talamh Sìtheil) (2004)
- Òran Na Mnà (A Woman's Song) (2006)
- Leaving Mingulay (A Fàgail Mhiughalaigh) (2009)
- The Seedboat (Bàta an t-Sìl) (2010) – med Colum Sands
- Port Bàn (2020)
Samarbeid og gjesteopptredenar
- Hamish Moore & Dick Lee – The Bees Knees (1991)
- Flora MacNeil – Orain Floraidh (1993)
- Donald Black – Keil Road (2007)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads