Magic Carpet Ride av Steppenwolf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Magic Carpet Ride» er ein song skriven av John Kay og Rushton Moreve for det kanadisk-amerikansk hardrockbandet Steppenwolf. Songen vart først gjeven ut i 1968 på albumet The Second. Han var førstesingelen frå albumet, nådde tredjeplassen på Billboard-lista i USA og vart liggjande på hitlistene i 16 veker, lenger enn nokon annan Steppenwolf-låt.[3]
45 rpm-versjonen er ikkje berre ei redigering av albumversjonen, men inneheld òg ein annan vokal på første vers. Trass i populariteten til singelen vart albumversjonen spelt mykje på FM-radio og er framleis den føretrekte versjonen på dei fleste klassiske rockestasjonar, og dessutan den som oftast er inkludert på samleplater og i populære medium.
Remove ads
Skriving og innspeling
Under førebuingane til innspelinga av andre albumet til bandet, The Second', kom bassisten Rushton Moreve opp med eit «sprettande riff». Bror til bandmedlemmen Jerry Edmonton, Mars Bonfire, byrja å spela gitar, og bandet utvikla riffet. Til introduksjonen laga gitaristen Michael Monarch ein feedback som vart skøyta inn i byrjinga av innspelinga. John Kay hadde nyleg kjøpt eit nytt hi-fi-anlegg av topp kvalitet, og byrja å skriva ein tekst «om kor bra det nye stereoanlegget vårt høyrdest ut», og la til bilete om å ønskja seg noko. Etter å ha fullført teksten og spelt inn vokalsporet, la Kay inn ein falsett, og lydteknikaren Bill Cooper la inn eit ekstra refreng på slutten av sporet. [4] Kay nekta for at låten handla om narkotikaerfaringar, men innrømde overfor Wall Street Journal i 2016 at «eg kan ha røykt ein joint» den kvelden han og Monarch fekk ideen til låten. [5] Kay hevda òg at teksten ikkje berre refererte til kvaliteten på det nye stereoanlegget, men òg til forholdet hans til kona Jutta og at han såg for seg at han hadde ønskt seg noko med Aladdins lampe.
Billboard' skildra singelen som ein «pulserande rockar» med liknande salspotensial som den tidlegare singelen til Steppenwolf, «Born to Be Wild».[6] Record World spådde at «dei unge vil flippe ut av songen.».[7]
Remove ads
Salslister
Andre versjonar
- Ein versjon frå 1978 av den sørafrikanske gruppa Buffalo låg 12 veker på Springbok Radio-listene, med ei toppnotering på femteplass.[15].
- Billy Paul spelte inn songen i 1971 på albumet hans Going East.
- Creative Source spelte inn songen på deira sjølvoppkalla album.
- Grandmaster Flash and the Furious Five, på 1988-albumet On the Strength.
- Bedlam-versjonen på soundtracket til Reservoir Dogs i 1992.
- Edgar Winter-versjonen til soundtracket til Star Kid i 1998.
- KSM-versjon til soundtracket til Wizards of Waverly Place i 2009
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads