Maiduguri

From Wikipedia, the free encyclopedia

Maidugurimap
Remove ads

Maiduguri er ein by som ligg nordaust i Nigeria, rundt 11 mil sørvest for Tsjadsjøen. Han er delstatshovudstad for Borno og har rundt 1,1 millionar innbyggjarar (2004).[1]

Kjappe fakta Land, Folketal ...
Thumb
Maiduguri i Nigeria

Maiduguri blei grunnlagd av britane kring 1907.[1] Det moderne Maiduguri omfattar også Yerwa, som blei grunnlagd i same tidsrommet som hovudstad for kanurifolket. Byen har lenge vore eit viktig handelssentrum og vegknutpunkt.[1] Statusen som kommersielt sentrum blei styrkt då jernbanen kom i 1964.[2] Byen er no ein av dei største i Nord-Nigeria. Han er sluttpunkt for jernbanelinjer frå Lagos og Port Harcourt.[1] Han har også ein flyplass, Maiduguri International Airport. Maiduguri er sete for eit universitet grunnlagd i 1975 og ein teknisk høgskule.[1]

Dei fleste innbyggjarane i byen er kanuritalande muslimar, men det finst også fleire minoritetsgrupper, mellom anna kristne. Byen har fleire gonger opplevd valdsame samanstøyt med etnisk eller religiøs bakgrunn, mellom anna i 1982,[3] 2001,[4] i samband med Muhammed-karikaturane i Jyllands-Posten i 2005,[5] og i 2009.[6]

Maiduguri er opphavsstaden for terroristgruppa Boko Haram, og har seinare vore åstad for terorriståtak og kampar om byen. Boko Haram gjekk til åtak på ein militær- og ein flybase i nærleiken i desember 2013, og prøvde å ta kontroll over byen.[7] 10. januar 2015 drap eit bombeåtak under mandagsmarknaden her 19 menneske.[8] Natt til 25. januar same år byrja fleire hundre Boko Haram-soldatar eit større militæråtak på byen,[7] men blei raskt drivne ut.[9] 7. mars 2015 drap fem ulike sjølvmordsbomber over 50 menneske og såra over 140.[10] 11. august drap eit nytt åtak på marknaden rundt 50 menneske.[11]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads