Junior Eurovision Song Contest 2022
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Junior Eurovision Song Contest 2022 (JESC 2022) var den 20. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart arrangert i Jerevan i Armenia 11. desember 2022, etter at Maléna Fox vann tevlinga i 2021 med songen «Kami Kami».[1][2][3] Dette var den andre gongen at Armenia arrangerete Junior Eurovision Song Contest, etter at landet arrangerte tevlinga i 2011.[1] Programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2022 er Iveta Mukutsjjan, Garik Papojan og Karina Ignatjan.[4]
Seksten land deltok i årets tevling.[5] Storbritannia returnerte til tevlinga, etter å ha sist delteke i 2005.[6][7] Aserbajdsjan, Bulgaria, Tyskland og Russland deltok ikkje i årets tevling.[5][8] Russland hadde opphavleg meldt seg på for deltaking i 2022-utgåva, men 26. februar trekte dei russiske kringkastarane seg ut av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).[9][10][11]
Vinnaren av Junior Eurovision Song Contest 2022 vart Frankrike med songen «Oh Maman!», framført av Lissandro. Dette var den andre sigeren til Frankrike i tevlinga, etter å ha vunne i 2020.[12] Armenia, Georgia, Irland og Storbritannia utgjorde resten av topp fem. Irland fekk sin beste plassering i Junior Eurovision Song Contest.
Remove ads
Bakgrunn
Armenia vann Junior Eurovision Song Contest 2021 i Paris i Frankrike med «Kami Kami» og artisten Maléna Fox. Dette var andre gongen Armenia vann tevlinga, etter at Vladimir Arzumanjan vann i 2010 med «Mama». Som vinnar av 2021-tevlinga, fekk Armenia moglegheita til å arrangere tevlinga i 2022. Dette vert andre gongen landet arrangerer Junior Eurovision Song Contest. Tevlinga vert arrangert av den armenske ålmennkringkastaren ARMTV i samarbeid med Den europeiske kringkastingsunionen.
Vertsby
21. desember 2021 vart det kunngjort at tevlinga skulle haldast i Armenia i 2022.[1] 21. februar 2022 vart det kunngjort at konkurransen ville gå føre seg i Karen Demirtsjjan idretts- og konsertarena i Jerevan. Dette er andre gongen at arenaen skal vere vertskap for Junior Eurovision Song Contest, då tevlinga vart arrangert i same arena i 2011.[3]
Remove ads
Deltakande land
Finalen vart arrangert sundag 11. desember 2022 klokka 16.00 CET, og 16 land deltok.[13] Under opningsseremonien 5. desember 2022 vart startnummeret til vertslandet Armenia trekt. Nederland vart trekt til å framføre fyrst i finalen, mens Ukraina vart trekt til å avslutte finalen.[14] Den endelege rekkjefølgja vart avgjort av produsentane og EBU etter opningsseremonien.[15] Under er listen over deltakerne. Tabellen er rangert etter startrekkefølgja i finalen; plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.
Remove ads
Røystegjeving
- INR: Poeng frå røystegjevinga på internett.
12 poeng
Sjå òg
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads