Junior Eurovision Song Contest 2021
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Junior Eurovision Song Contest 2021 (JESC 2021) var den 19. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart arrangert i La Seine Musicale i Paris i Frankrike, etter at Valentina vann tevlinga i 2020 med songen «J'imagine».[2] Dette var fyrste gongen at Frankrike arrangerte Junior Eurovision Song Contest.[3] Finalen vert arrangert 19. desember 2021.[2] Programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2021 er Élodie Gossuin, Olivier Minne og Carla Lazzari[4]
19 land deltok i tevlinga.[1] Albania, Irland, Italia, Nord-Makedonia og Portugal var alle tilbake til Junior Eurovision Song Contest etter å ha stått over fjorårets tevling på grunn av koronaviruspandemien. Armenia, Aserbajdsjan og Bulgaria returnerte også tilbake i Junior Eurovision Song Contest etter å ha sist deltekne i høvesvis 2019, 2018 og 2016. Kviterussland var for fyrste gong sidan byrjinga av Junior Eurovision Song Contest ikkje med. Årsaka var at den kviterussiske kringkastaren BTRK vart utestengd frå Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) 1. juli 2021.[5][6] Kviterussland kan ikkje deltake i tevlinga før BTRK vert atteropptekne som EBU-medlem, eller dersom ein annan kviterussisk kringkastar vert medlem av unionen.
Vinnaren av tevlinga vart Armenia med songen «Kami Kami», framført av Maléna Fox. Dette var den andre sigeren til Armenia i Junior Eurovision Song Contest, etter å ha vunne i 2010.[7] Polen, Frankrike, Georgia og Aserbajdsjan utgjorde resten av topp fem. Aserbajdsjan fekk si beste plassering i Junior Eurovision Song Contest med sin femteplass.
Remove ads
Format
Visuell design
Temaet og slagordet for tevlinga, Imagine, vart presentert 20. mai 2021 under ein pressekonferanse i Rotterdam, Nederland i samband med Eurovision Song Contest 2021.[2] Slagordet vart vald som ein referanse til vinnarsongen frå året føre, «J'imagine», i tillegg til å oppmuntre barn til å vere kreative og følgje sine draumar.[8]
Programleiarar
17. november 2021 vart det offentleggjort at tevlinga skulle leiast av tre programleiarar: den fransk-belgiske skodespelaren og tv-programleiaren Olivier Minne, modell, radio- og tv-programleiar og politikar Élodie Gossuin og artisten Carla Lazzari, som representerte Frankrike i Junior Eurovision Song Contest i 2019.[4]
Remove ads
Deltakande land
Remove ads
Røystegjeving
- INR: Poeng frå røystegjevinga på internett.
Sjå òg
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads