Maoisme

From Wikipedia, the free encyclopedia

Maoisme
Remove ads

Maoisme, eller marxismen-leninismen Mao Tse Tung si tenking, er ein politisk ideologi.

Thumb
Portrett av Mao ved inngangen til den forbodne byen i Beijing

Namnet er etter den kinesiske politikaren Mao Zedong, (1893-1976). Han leidde ein bonderevolusjon under kommunistisk leiing i Kina, og proklamerte i 1949 Folkerepublikken Kina, der han sjølv vart president. Etter at Deng Xiaoping byrja å reformera Folkerepublikken Kina i 1978 har Mao Zedong sine tankar hatt mindre å seia. Trass i dette er maoismen offisiell ideologi for det kinesiske kommunistpartiet.

Maoismen byggjer på det som blir kalla marxismen-leninismen, det vil seie tankar frå Karl Marx, Vladimir Lenin og Josef Stalin. Det nye er satsinga på bøndene som massebasis for revolusjonen. I den strategiske teorien er hovudvekta på stendig ny aktivisering av massane, av di klassekampen held fram under sosialismen. Maoismen set krav om handling i tilspissa form. Dette set krav til disiplinen, teoretisk utforma som demokratisk sentralisme: Handlingsfridom på lægre nivå, hard disiplin andsynes avvik frå hovudlina.

Under den såkalla Kulturrevolusjonen, som Mao sette i gang og leidde, vart mange menneske mishandla og drepne, og undertrykkinga av vitskap, kunnskap, sjølvstendig tenking, kultur og minoritetar særleg sterk. Persondyrkinga av Mao nådde nye høgder.[1]

Grunna dei særlege kinesiske tilhøva; digert land og lite industri, har maoismen spela lita rolle elles i verda. I Noreg kom maoismen mellom anna til å påverka ein del av norskdomsrørsla. Maoismen i Noreg byrja sist på 1960-talet som ei radikalisering i Sosialistisk Folkeparti sin dåverande ungdomsorganisasjon, Sosialistisk Ungdomsfylking (SUF), og voks etterkvart til partiet AKP(ml). AKP hadde ei dominerande rolle i RV. Maoistane i Noreg vart aldri mange, men spela ei relativt stor rolle i kulturlivet og som opposisjon i fagrørsla.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads