Maps av Lesley Roy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Maps» (norsk 'kart') er ein song frå 2021 som vert framført av den irske songaren Lesley Roy.[2] Songen vart vald av den irske kringkastaren RTÉ til å representere Irland i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Låten vart sloppen 26. februar 2021.[3][4]
Remove ads
Bakgrunn
Den irske låtskrivaren Lesley Roy vart vald av kringkastaren RTÉ til representere Irland i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Story of My Life», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. RTÉ vedtok at Lesley Roy i staden skulle delta i Eurovision Song Contest i 2021.[5]
«Maps» vart skriven og produsert hausten 2020 av Lesley Roy saman med Philip Strand og Eurovision-produsenten Lukas Hällgren, som skreiv det sveitsiske bidraget i 2019, «She Got Me». Den Stockholm-baserte låtskrivaren Emelie Eriksson var òg med på å skrive «Maps».[6]
Irland deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 18. mai, men enda på 16. og siste plass i semifinalen med 20 poeng.[7] Dimed kvalifiserte ikkje songen seg til finalen laurdag 22. mai 2021.[8] Dette var Irlands andre sisteplass på rad i ein semifinale.
Remove ads
Listeplasseringar
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads