Irland i Eurovision Song Contest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Irland i Eurovision Song Contest
Remove ads

Irland debuterte i Eurovision Song Contest i 1965 og har delteke 54 gongar. Sidan debuten har Irland vore fråverande to gongar: i 1983 og 2002. Målt i tal sigrar er Irland det mest suksessrike landet i Eurovision Song Contest. Irland har vunne Eurovision Song Contest sju gongar; fire av dei kom i løpet av fem år. Etter 2000 har Irland gjort det langt svakare, og landet har komme sist i to finalar og to semifinalar: 2007, 2013, 2019 og 2021.[1]

Kjappe fakta Uttakingar, Deltaking ...
Remove ads

Historikk

Det er den irske rikskringkastaren RTÉ som har rettane til å sende Eurovision Song Contest i Irland, og som vel det irske bidraget til tevlinga. Irland debuterte i Eurovision Song Contest i 1965 og starta med ein serie gode resultat. I 1967 fekk Irland ein andreplass, og den fyrste sigeren kom på sjette forsøk, då Dana vann i 1970 med «All Kinds of Everything».

Siger på siger

I 1970-åra enda Irland stort sett midt på resultatlista, men i 1977 innleia landet ein femårsperiode med berre topp fem-plasseringar. Den andre sigeren til Irland kom i 1980Johnny Logan vann med «What’s Another Year?». Logan var tilbake som låtskrivar i 1984 og sikra Irland ein andreplass med «Terminal 3», og deretter ein ny siger som artist i 1987 med «Hold Me Now». Denne vinnarlåten vart kåra til den tredje beste Eurovision-låten gjennom tidene under jubileumsprogrammet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i 2005.[2] I 1992 vann Logan sin tredje siger, denne gongen som låtskrivar for låten «Why Me?», framført av Linda Martin.

1990-åra vart det store tiåret for Irland. Landet starta med ein andreplass i 1990 og vann heile tre år på rad i 1992–1994. Den sjuande og førebels siste sigeren til Irland, kom med Eimear Quinn og «The Voice» i Oslo i 1996. Ein ny andreplass kom på heimebane i 1997.

Fallet etter 2000

Etter 2000 har Irland hatt ei liknande utvikling som nabolandet Storbritannia. Berre tre gongar har Irland hamna på topp ti: i 2000, 2006 og 2011. Til liks med Noreg var Irland heller ikkje kvalifisert i 2002, og berre fire av elleve gongar har Irland klart å kvalifisere seg til finalen. Den fyrste sisteplassen til Irland kom i 2007, og ein ny sisteplass kom i 2013. I åra 20142017 klarte ikkje Irland å kvalifisere seg til finalen, før Ryan O'Shaughnessy nådde ein 16.-plass med «Together» i 2018. Landet vart deretter slått ut i semifinalen igjen i 2019 og 2021, og begge gongane kom Irland heilt sist i sin semifinale.

«Heimlandet» til Eurovision

Thumb
Johnny Logan vert gjerne omtala som Mr. Eurovision, takka vere sine tre sigrar i tevlinga.

Med sine sju sigrar er Irland det landet som har vunne Eurovision Song Contest flest gongar. Rett bak kjem Sverige med seks sigrar. Takka vere sigrane har Irland arrangert Eurovision Song Contest sju ganger, berre Storbritannia har arrangert finalen fleire gongar med åtte. Tre år på rad, i 19931995, vart også tevlinga arrangert i Irland, noko som fekk 1995-programleiar Mary Kennedy til å uttale: «velkommen til det som nærmast har vorte den årlege Eurovision Song Contest frå Irland!».[3] Finalen i 1993 vart arrangert i landsbyen Millstreet, som med sine 1500 innbyggjarar er den minste staden tevlinga er vorten arrangert.[4] Den irske sigersrekkja vart broten av norske Secret Garden i 1995, men Irland vann nok ein gong da finalen gjekk av stabelen i Oslo året etter.

Johnny Logan er også den einaste som har vunne Eurovision Song Contest tre gongar: To gongar som artist i 1980 og 1987, og som låtskrivar i 1992. I tillegg fekk han også ein andreplass som låtskrivar i 1984.[5]

Som eit fleirspråkleg land har Irland hatt fordelen av å synge på engelsk i Eurovision Song Contest sidan debuten i 1965. Berre éin gang har Irland sunge på nasjonalspråket irsk: i 1972 med «Ceol an Ghrá».

Remove ads

Bidraga

Meir informasjon År, Artist ...
Remove ads

Røystehistorikk (1965-2021)

Finalane

Meir informasjon Nr., Land ...

Galleri

Remove ads

Eurovision Song Contest i Irland

Meir informasjon År, Stad ...
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads