Marianne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Marianne
Remove ads

Marianne eller Mariann (sjå òg Mari og Anne) er eit kvinnenamn med fleire moglege kjelder. Kanskje er det ei fransk form av det latinske namnet Mariana, som tyder kvinne og kvinneleg.

Thumb
Gamal byste av det franske nasjonalsymbolet Marianne i det franske Senatet (ukjend kunstnar).

Lenger tilbake i tida kan det hebraiske namnet Mariamne. I bibelen bar kona til Herodes dette namnet. Det kan òg vere ein sideform av det hebraiske namnet Mirjam (arameisk: Mariam). Det kan vidare komme ifrå Mariana, ein hokjønnsform av det latinske mannsnamnet Marianus (frå slektsnamnet Marius). Marianne vart eitt motenamn i Frankrike1700-talet og var der ein diminutivform av Marie. Det kom seinare til å bli oppfatta som ein samansetting av Marie og Anne.

Marianne har norsk namnedag den 4. april.

Remove ads

Det franske nasjonalsymbolet

Thumb
La Liberté guidant le peuple, Fridomen leier folket av Eugène Delacroix. Fridomen er i dette måleriet personifisert som Marianne, det franske nasjonalsymbolet, som med det franske flagget i handa leiar folket i fridomskampen.

Etter den franske revolusjonen vart Marianne eit symbol for den franske republikken. Ho vart avbilda som ei ung bondejente eller jente av folket, og symboliserte den fridomen for alle som vart uttrykt med orda Liberté, égalité, fraternité (Fridom, likskap, brorskap).

Remove ads

Utbreiing

Tabellen nedanfor gjev ei oversikt over populariteten til namnet Marianne i nokre land der statistikk har vore tilgjengeleg.

Meir informasjon Land, Mellom befolkninga i landet ...

Namnet Marianne er kjent i Noreg frå 1500-talet av. I nyare tid har Marianne vore mellom dei mest populære dåpsnamna på jenter i Noreg, i perioden 1955 til 1985. Det toppa seg i 1967.

Historisk utvikling av populariteten til namnet Marianne i Noreg.[10][11]
Remove ads

Kjende namneberarar

Annan bruk

I kulturen

  • Marianne Dashwood er ein hovudperson i Fornuft og følelser av Jane Austen
  • Marianne på sykehus er ei norsk barnebok og film
  • Vekebladet Marianne er eit fransk nyhendeblad
  • Mariann Grammofon AB er eit svensk plateselskap

I stadnamn

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads