Marko Pantelić

serbisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Marko Pantelić
Remove ads

Marko Pantelić (fødd 15. september 1978 i Beograd) er ein serbisk fotballspelar. I 2010/11-sesongen spela han for Olympiakós i den greske fotballigaen, og det serbiske landslaget.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...

Pantelić flytta til Hellas med familien då han var 14 år gammal, og debuterte på A-lagsnivå med Iráklis frå Thessaloníki. Etter å ha spelt i mange ulike klubbar vende han heim til Serbia i 2002. I 2004 fekk han kontrakt med toppklubben i Beograd, Raude Stjerne. Hjå dei vart han toppskårar i ligaen i 2004/05-sesongen, med 26 mål. Etter denne sesongen drog han til utlandet igjen, denne gongen til Hertha Berlin i tysk Bundesliga. Han var Hertha sin toppskårar i 2006/07- (14 mål) og i 2007/08-sesongen (13 mål). Han hadde fire vellukka sesongar i Berlin, men fornya ikkje kontrakten sin i 2009. I staden drog han til Ajax i Nederland, der han skreiv under ein eittårskontrakt. Etter éin sesong der vende han attende til Hellas og Olympiakós, der han var med å vinna seriemeisterskapen i 2011.

Remove ads

Kjelder

  • Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 21. april 2010.
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads