Markus Svendsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Markus Anton Svendsen (fødd 28. februar 1941) er ein norsk, tidlegare kombinertrennar frå Havøysund i Finnmark. Han vann kombinertrennet under Svenska skidspelen i 1965 og kombinertrenna i Lahti både i 1966 og 1967. Både i 1967 og 1968 vart han noregsmeister i øvinga. Svendsen representerte Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo.
Remove ads
Aktiv
Svendsen vann bronsemedaljen under NM på ski 1965, same året gjekk han heilt til topps i kombinertøvinga i Svenska Skidspelen. Både i 1966 og i 1967 vann han kombinert i Lahti, den sistnemnde sesongen vann han sitt fyrste norske meisterskap i øvinga. Han gjentok prestasjonen då han sikra seg NM-tittelen for 1968 i Ørskog på Sunnmøre.
Svendsen deltok for Noreg i tre internasjonale meisterskap. Under verdsmeisterskapen i Oslo 1966 vart han nummer ni. To år seinare, under dei olympiske leikane i Grenoble hamna han på 27. plass, då alle dei norske kombinertløparane smurde seg fullstendig vekk i langrennet, medan han i ski-VM 1970 kom på 19. plass.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
- 1963: Nr 10 i Svenska Skidspelen i Falun
- 1964: Nr 12 i Holmenkollen
- 1965: Vinnar av Svenska Skidspelen i Falun, nr 4 i Holmenkollen og nr 6 i Lahti
- 1966: Vinnar i Lahti, nr 9 i ski-VM i Oslo
- 1967: Vinnar i Lahti, nr 3 både i Holmenkollen og i Falun
- 1968: Nr 3 i Lahti, nr 7 i Holmenkollen og nr 9 i Falun
- 1969: Nr 4 i Svenska Skidspelen i Falun
- 1970: Nr 2 i Holmenkollen
- 1971: Nr 6 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
- Ski-NM 1964: Nr 5 på Voss
- Ski-NM 1965: Bronsemedalje på Fåberg
- Ski-NM 1966: Nr 4 på Rena
- Ski-NM 1967: Gullmedalje i Mo i Rana
- Ski-NM 1968: Gullmedalje i Ørskog
- Ski-NM 1969: Bronsemedalje på Raufoss
- Ski-NM 1971: Bronsemedalje på Fåberg
- Ski-NM 1973: Nr 6 på Lillehammer
Svendsen slutta som aktiv skirennar i 1973, og busette seg etterkvart i Ski i Akershus. I 2008 gav han bort delar av premiersamlinga si til Måsøy kommune.[1]
Remove ads
Notar
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads