Maskorama
norsk underhaldningsserie frå 2020 From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Maskorama er eit fjernsynsprogram som er den norske utgåva av det internasjonale konseptet The Masked Singer. Silje Nordnes er programleiar for Maskorama.[1]
Konsept
Konseptet går ut på at eit «detektivpanel», beståande av kjendisar, saman med publikum skal gjette kva for kjendisar som har ikledd seg spektakulære kostyme og masker og framfører eit musikalsk nummer av høg kvalitet. Deltakarane har fordreia stemme i alle samanhengar, bortsett frå når dei syng live. Etter at alle framsyningar har vorte gjennomførte, skal publikum røyste på sine favorittar, og den som får færrast røyster er ute av tevlinga og må «ta av seg maska og få sin identitet avslørt».[2][3]
Detektivpanel og programleiar
Programleiar for Maskorama er Silje Nordnes.
«Detektivpanelet» bestod i sesong 1–3 av stylisten Jan Thomas, artisten Marion Ravn og programleiar og komikar Nicolay Ramm.[4] I tredje sesong var det i tillegg ein gjestedetektiv i kvart program. I sesong 4 tok skodespelar og komikar Robert Stoltenberg og radioprogramleiar Tete Lidbom over rollene som «detektivar» for Thomas og Ramm.[5][6][7]
Remove ads
Sesongoversikt
Remove ads
Podkast
1. oktober 2021 vart det annonsert at NRK skal lansere ein podkast om Maskorama. Programleiar for podkasten er Sarah Natasha Melbye. Totalt skal det sleppast 14 episodar av podkasten, i tillegg til at episodane vert send på NRK Radio kvar torsdag og sundag. Podkasten har premiere 21. oktober 2021.[10]
Prisar og nominasjonar
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads