Matej Tóth
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Matej Tóth (fødd 10. februar 1983) er ein slovakisk friidrettsutøvar frå Nitra som i 2015 vart verdsmeister og i 2016 olympisk meister i 50 kilometer kappgang.

Tóth deltok internasjonalt i fleire år før han byrja markere seg på toppen av resultatlistene i dei store internasjonale tevlingane. I mai 2010 gjekk han heilt til topps på 50 km i kampen om verdspokalen i Chihuahua i Mexico, med tida 3.53.30 viste han Mexicos eigen Horacio Nava til andreplass og Jared Tallent frå Australia til tredjeplass. Ved europameisterskapen 2014 i Zürich vart Tóth andremann på 50 km, nærare fire minuttar bak franske Yohann Diniz som sette verdsbestetid på distansen.
Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing vann Tóth gullmedaljen på 50 km, med god margin til sølvmedaljøren, Jared Tallent. Året etter kjempa dei same to, og ytterlegare to andre kaggjengarar, om OL-gullet på 50 km, ein kamp som enda med at Tóth vann gullmedaljen, 18 sekundar framom Tallent på sølvplass, japanske Hirooki Arai tok bronsen 26 sekundar bakom Tóth.
Remove ads
- OL 2004 i Aten: Nr 32 på 20 km – 1.28.49
- VM 2005 i Helsinki: Nr 21 på 20 km – 1.23.55
- EM 2006 i Göteborg: Nr 6 på 20 km – 1.21.39
- VM 2007 i Osaka: Nr 14 på 20 km – 1.25.57
- OL 2008 i Beijing: Nr 26 på 20 km – 1.23.17
- VM 2009 i Berlin: Nr 9 på 20 km – 1.21.13 og nr 10 på 50 – 3.48.35
- EM 2010 i Barcelona: Nr 6 på 20 km – 1.22.20
- VM 2011 i Daegu: Nr 13 på 20 km – 1.22.55. Braut 50 km
- OL 2012 i London: Nr 5 på 50 km – 3.41.24
- VM 2013 i Moskva: Nr 5 på 50 km – 3.41.07
- EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje på 50 km – 3.36.21, bakom Yohann Diniz (3.32.33)
- VM 2015 i Beijing: Gullmedalje på 50 km – 3.40.32, framom Jared Tallent (3.42.17)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje på 50 km – 3.40.58, framom Jared Tallent (3.41.16)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Matej Tóth» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Matej Tóth» frå Wikipedia på tysk, den 6. august 2018.
- «Matej Tóth» (på engelsk). Olympedia. Henta 18. mars 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads