Mbum

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mbum
Remove ads

Mbum er eit niger-kongospråk som blir tala i Kamerun og Den sentralafrikanske republikken, av høvesvis 38 600 (1982) og 12 500 menneske (1996).[2] I Kamerun blir det tala i regionane Adamaoua og Nord, i Den sentralafrikanske republikken i subprefekturet Bocaranga, langs grensa mot Kamerun. Mbum var tidlegare eit viktig lingua franca i Adamaoua, men denne rolla har etter kvart til overteke av fulfulde. Kamerun-misjonærar tilknytte Det Norske Misjonsselskap lærde mbum fram til om lag 1960.

Kjappe fakta
Thumb
Mbum-kvinne. Biletet er teke mellom 1905 og 1907 av Moll-misjonen (la Mission Moll).

Mbum blei fyrst granska då misjonærar frå Det Norske Misjonsselskap kom til Adamaoua i 1925; jamfør avsnittet Litteratur om mbum nedanfor. Misjonærane utvikla ei rettskriving for språket og gav i 1965 ut Det nye testamentet og Salmane på mbum; jamfør avsnittet Litteratur på mbum nedanfor.

Remove ads

Grammatikk

Framstillinga av grammatikken byggjer på Hagège 1968, sitert etter Sergej Starostin sin database.[3]

Fonologi

Konsonantsystem:

p   t   k kp
b ɓ d ɗ ɡ ɡb
  f s        h
  v   ž
m   n ñ ŋ
    l
  v̊ r 

v̊ er ein labiodental flap.


Mbum har eit enkelt vokalsystem, med 5 vokalar. Alle vokalane kan vere korte eller lange.

i u
e o
  a

Dei høge og låge vokalane kan vere nasale (/ı̃ ã ũ/). Stavingsstrukten er (K)V(K).

Mbum er eit tonespråk, med tonane høg og låg (lange vokalar kan ha fallande tone).

Syntaks

Mbum er eit preposisjonsspråk. Substantivfrasene har dei modifiserande orda (adjektiva, possessor, talord) til høgre for seg, den fulle strukturen er N+A+Num+D.

Den grunnleggjande ordstillinga er SVO (subjekt-verbal-objekt).

Remove ads

Kjelder

Litteratur om mbum

Litteratur på mbum

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads