Mean Old World

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Mean Old World» er ein bluessong innspelt av den amerikanske bluesgitaristen T-Bone Walker i 1942. Han er blitt skildra - i lag med B-sida - som «den første viktige bluesinnspelinga på elektrisk gitar».[1] Songen er blitt tolka og innspelt av mange andre blues-, jazz- og rock and roll-artistar.

Meir informasjon B-side ...
Remove ads

Originalen

T-Bone Walker byrja å spele «Mean Old World» då han var med Les Hite and His Orchestra frå 1939 til 1940.[2] Etter han slutta i bandet til Hite, fortsette Walker å utvikle og endre stilen sin i klubbmmiljøet i Los Angeles. 20. juli 1942 spelte han inn «Mean Old World» for Capitol Records.[3] Songen vart framført i West Coast blues-stil med ein liten combo med pianisten Freddie Slack, bassisten Jud DeNaut og trommeslagaren Dave Coleman medan Walker sjølv song og spelte gitar. «Mean Old World» «synte både den nye og den eldre stilen til T-Bones, der han svara den håse, sjelfulle vokalen med fingernæme, stikkande og jazzaktige tonar frå den elektriske gitaren».[1] Capitol gav ut songen i november 1945 med «I Got a Break, Baby» som den tredje plata i samlinga The History of Jazz, Volume 3: Then Came Swing.[4] Capitol gav seinare ut songen på singel i 1947. På grunn av innspelingsforbod i 1942-1944, spelte ikkje T-Bone Walker inn musikk igjen før 10. oktober 1944, då for Rhumboogie i Chicago.[5] Han spelte ein variant av «Mean Old World», først kalla «T-Bone Blues No. 2».[5] Då Rhumboogie gav ut denne i 1946, vart han kalla «Mean Old World Blues».[5] Denne hadde ikkje like tydeleg Walker-gitar og akkompagnementet bestod av Marl Young's Orchestra, som hadde ei fem mann stor blåserekkje. Noko av teksten var òg byta ut.

15. desember 1956 spelte Walker inn nok ein versjon for Atlantic Records som kom ut på albumet hans T-Bone Blues i 1959.[6]

Remove ads

Little Walter-versjonen

I oktober 1952 spelte Little Walter inn sin versjon av «Mean Old World» for Checker Records, ein etikett under Chess Records.[7] Han vart då omgjort til Chicago blues, med munnspelet til Walker sterkt framme i lydbiletet og fleire nye tekstlinjer. Songen vart ein hit og nådde sjetteplassen på Billboard R&B-lista, der han låg seks veker i 1953.[8] Med seg på akkompagnement hadde Little Walter The Aces, med gitaristane Louis og Dave Myers og trommeslagaren Fred Below.[7] T-Bone Walker sin versjon på Capitol vart gjeven ut før Billboard eller liknande tenester byrja å registrere slike utgjevingar, så det er vanskeleg å måle kva versjon som var mest populær. Little Walter vart tilskriven som låtskrivar på innspelinga si.

Remove ads

Andre utgåver

Mange andre artistar har spelt inn «Mean Old World», som Walter Brown (1947); Snooks Eaglin, Sam Cooke, James Cotton, Canned Heat, Chicken Shack, Ike & Tina Turner, Eric Clapton & Duane Allman, Bobby Bland & B.B. King, Otis Rush, Chuck Berry, George «Mojo» Buford, Luther Tucker, Lowell Fulson, Willie Cobbs og Nina Hagen.

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads