Mentz Schulerud

norsk kulturarbeidar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Mentz Schulerud (19. oktober 191518. mai 2003) var ein norsk skribent, kulturarbeidar og kåsør.[1]

Kjappe fakta
Remove ads
Remove ads

Liv og virke

Schulerud var fødd i Kristiania (no Oslo), og voks opp i Hedmark og på Lillehammer.[2] Han vart Cand.mag. i 1941, og arbeidde som hjelpelærar ved Oslo tekniske skole og ved Universitetet i Oslo.

Frå juni 1944 var han redaktør for den illegale avisen Hjemmefronten. Den 14. september 1944 ble han arrestert på grunn av denne virksomheten.[3] Han stt som fange på Møllergata 19 i Oslo frem til 8. desember 1944, då han vart overført til Grini. Han sat i fangenskap frem til okkupasjonsmakta kapitulerte 8. mai 1945.[4]

I 1946 vart han tilsett i NRK. Han var teatersjef ved Oslo Nye Teater 1962–1967 og redaktør for det litterære tidsskriftet Vinduet 1959–1963. Han var styreleder i Norsk Teaterlederforening, Kunstnerforeningen, Riksmålsvernet og Logens venner, og hadde òg verv i Riksmålsforbundet og Det Norske Studentersamfund.

Remove ads

Prisar og utmerkingar

Schulerud var riddar av St. Olavs Orden. I [[19] vart han utnemnd til statsstipendiat. Han mottok St. Hallvard-medaljen i 1989.[5] I 1996 vart han tildelt æresprisen «Bypatrioten» av Oslo Byes Vel. Han fekk òg Purpurneseordenen i Kunstnarforbundet, og var æresmedlem av Filologisk forening.[6]

Familie

Schulerud var son av Mentz Schulerud og Aagot Schulerud (1875–1957), bror av Anne-Cath. Vestly og, gjennom dottera si Ingrid Schulerud, svigerfar til Jens Stoltenberg.

Han er gravlagd på Vestre gravlund.

Bøker

  • Fra krambod til magasin (1947)
  • Ole Bull (1960)
  • Norsk kunstnerliv (1960)
  • Wergelandsveien (1960)
  • Nordmenn i København (1963)
  • Piberne og Pigerne i Vika (1963)
  • Kongeriget Norges Herligheder (1967)
  • Hafslund gods – Fra Otte Bildt til M. G. Rosenkrantz (1974)
  • Kongevei og fantesti (1974)
  • På Grand i 100 år. 1874 – 1974. (1974)
  • Barn i Oslo (1981)
  • Iduns epler (1982)
  • Akershus i dikterens speil (1991)
Høyrespel
  • O, vidste du bare! (1954),
Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads