Mick Abrahams

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Michael Timothy «Mick» Abrahams (fødd 7. april 1943) var den første gitaristen i Jethro Tull. Han spelte på albumet This Was med bandet i 1968, men konfliktar mellom han og Ian Anderson over den musikalske retninga til bandet førte til at Abrahams forlet bandet så snart albumet var ferdig. Abrahams ønskt eå følgje ei meir bluesretning, medan Anderson ønskte å blande inn meir folk- og jazz. Han vart først erstatta av Tony Iommi, som forlet Tull etter berre nokre veker og sidan starta Black Sabbath, og så av Martin Barre som har spelt gitar i Jethro Tull sidan.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Abrahams starta så Blodwyn Pig og gruppa spelte inn to album, Ahead Rings Out og Getting to This før dei vart oppløyst i 1970. Abrahams fortsette med det kortvarige bandet Wommet, så the Mick Abrahams Band og har halde fram å gje ut soloalbum og med gjenforeinte versjonar av Blodwyn Pig. Han har arbeidd som sjåfør, livvakt og økonomisk rådgjevar og har stundom halde konsertar.[2]

Abrahams skapte noko strid hos Tull-tilhengjarane då han i 1990-åra skapte bandet Thiw Was med dei originale medlemmane av Jethro Tull (utanom Anderson) og spelte songar frå den første Jethro Tull-perioden. Anderson vart visstnok ikkje særleg fornærma og i nyare tid har Anderson spelt i lag med dei til tider. Abrahams har òg stundom spelt ein og annan konsert med Jethro Tull.

Remove ads

Diskografi

Solo

  • 1971 − Mick Abrahams
  • 1972 − At Last
  • 1975 − Learning to Play Guitar With
  • 1996 − One
  • 1996 − Mick's Back
  • 1997 − Live in Madrid
  • 1999 − This Is
  • 2000 − See My Way
  • 2003 − Live: All Tore Down
  • 2005 − Leaving Home Blues
  • 2008 − This Was
  • 2008 − Times Have Changed

med Jethro Tull

med Blodwyn Pig

  • 1969 − Ahead Rings Out
  • 1970 − Getting to This

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads