This Was
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
This Was er debutalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, gjeve ut i 1968. Det vart spelt inn for berre 1200 britiske pund og er et einaste albumet deira med gitaristen Mick Abrahams, som var viktig for korleis bandet høyrdest ut på dei første songane deira. Då albumet kom ut selte bandet alt fast på Marquee Club i London, der andre suksessrike britiske grupper som The Rolling Stones og The Who, hadde starta karrierane sine.[5]
Det fekk generelt god kritikk og selde bra då det kom. I ein dokumentarfilm for Woodstockfestivalen kan ein høyre songane «Beggar's Farm» og «Serenade to a Cuckoo» kan høyrast i PA-anlegg i bakgrunnen, noko som indikerer at albumet vart lagt merke til i USA. Albumet nådde 10. plass på UK Album Chart[6] og 62. plass på Billboard 200.
Remove ads
Musikk
Medan den kreative visjonen til vokalist Ian Anderson i stor grad forma dei seinare albuma til Jethro Tull, delte han låtskrivinga på This Was med gitarist Mick Abrahams. Delvis på grunn av påverknaden frå Abrahams heller albumet meir mot rhythm and blues og jazz enn progressiv rock som bandet seinare vart kjend for.
Musikken på «Beggar's Farm», «My Sunday Feeling», «It's Breaking Me Up» og «Some Day the Sun Won't Shine for You» er baserte på blues-progresjonar og sistnemnde har er arrangert på liknande vis som bluesstandaren til Big Bill Broonzy, «Key to the Highway». «Cat's Squirrel», som vart med på albumet i følgje teksten i omslaget fordi «folk likte han», var ein instrumental som vart spelt av fleire andre britiske bluesband i 1960-åra, mellom anna av Cream. Mick Abrahams spelte seinare denne songen i tida etter Jethro Tull i bluesbandet Blodwyn Pig. Albumet inneheldt ein coverversjon av jazzstandarden til Roland Kirk, «Serenade to a Cuckoo». I følgje teksten i omslaget var denne den første melodien Ian Anderson lærte seg å spele på fløyte. Avsluttinga på «My Sunday Feeling» nyttar element av kjende jazzsongar, som Henry Mancini sin «Pink Panther Theme» (særleg basslinja i songen, spelt som ein kort solo av Glenn Cornick) og Nat Adderley og Oscar Brown jr. sin «Work Song».
This Was inneheld òg den einaste Jethro Tull-songen som Ian Anderson ikkje syng, «Move On Alone». Mick Abrahams, som skreiv songen, syng på denne songen. David Palmer skreiv blåsearrangementet for songen. Abrahams forlét Jethro Tull etter albumet var ferdig innspelt, fordi han ikkje var samd med Anderson om den musikalske retninga bandet skulle ta.
Songen «Dharma for One» vart spelt fast på dei tidlege konsertane til Tull, vanlegvis med ein lengre trommesolo av Clive Bunker. Songen vart seinare spelt inn av Ekseption, Pesky Gee! og The Ides of March. Songen vert framført med mellom anna «claghorn»,[7] eit hybridinstrument oppfunnen av Jeffrey Hammond som kombinerte hovuddelen av ei blokkfløyte, sjallstykke til ein leketrompet og munnstykket til saksofon.[8] Anderson hevdar òg å ha kome opp med instrumentet.[9]
Remove ads
Innhald
- 2001-versjonen hadde med tre bonusspor (som tidlegare var gjevne ut i plateboksen 20 Years of Jethro Tull) og med plateomslagstekst.
40-årsjubileumsutgåva
Ein dobbel-CD gjeve ut i 2008. Han inneheld den originale monoversjonen, ein ny stereoversjon miksa på nytt frå dei originale firesporslydbanda, og to bonusspor frå studio, «Sunshine Day» og «So Much Trouble».
50-årsjubileumsutgåva
Steve Wilson miksa heile albumet på ny i stereo i høve 50-årsjubileet til albumet. Det kom då ut med seks bonusspor, mellom anna jammen «Ultimate Confusion» som ikkje var gjeven ut før.
Remove ads
Medverkande
- Ian Anderson: Vokal, fløyte, munnorgel, munnspel, claghorn,[10] piano
- Mick Abrahams: Vokal, gitar, nistrengsgitar
- Clive Bunker: trommer
- Glenn Cornick: Bassgitar
- David Palmer: Valthorn og orkesterarrangement
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads