Midnight Rider
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Midnight Rider» er ein song av det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Det var den andre singelen frå det andre albumet deira, Idlewild South (1970), gjeve ut på Capricorn Records. Songen vart hovudsakleg skriven av vokalisten Gregg Allman, som først byrja å komponere songen i ei hytte dei leigde utafor Macon i Georgia. Han fekk hjelp av roadien Robert Kim Payne til å fullføre teksten på songen. Han og Payne braut seg inn i Capricorn Sound Studios for å fullføre ein demo av songen.
Medan den orignale Allman Brothers-versjonen av songen ikkje gjekk inn på lista, vart «Midnight Rider» ein mykje større suksess som coverlåt. Gregg Allman sin soloversjon av songen frå 1973 vart den største hitten og nådde topp 20 i USA og Canada. Ein versjon av den jamaicanske songaren Paul Davidson vart mest populær i Storbritannia, der ahn nådde tiandeplassen. Countryartisten Willie Nelson spelte òg inn ein versjon av songen som nådde sjetteplassen på den amerikanske countrylista.
Remove ads
Salslister
- Joe Cocker-versjonen
- Gregg Allman-versjonen
- Paul Davidson-versjonen
- Willie Nelson-versjonen
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads