Midtvinterdagen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Midtvinterdagen, òg kalla juleblot, midtvinterblot, jól, torreblot og hökunótt, er ei vinterfeiring frå norrøn til. På primstaven er ho gjerne avmerkt den 12. januar, fordi denne datoen fell midt mellom vinternatt 14. oktober og sommarmålsdagen 14. april.[1] Festen er vanlegvis ikkje markert på bevarte primstavar, sidan han har klart heidenske opphav. Merket for dagen kan vera ei skore tvers over flatsida på primstaven, eller ein halvmåne.[2] I Sogn og Fjordane har ein kalla dagen gamle nyttårsdag.[2]

Grunnen til at dagen er avmerkt, er at han var ein viktig høgtidsdag for dei heidenske vikingane, som blota (ofra) på denne dagen. Dei drakk òg øl og festa i om lag tre dagar.[3]

Det er ikkje kjend nøyaktig kvifor ein blota på midtvinterdagen, men det kan ha vore som motvekt til den mørke vinteren, for å sørga for å få i seg nok mat og næring i mørketida, eit ritual for god grøde, eller noko anna.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads