Misfits

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Misfits er det 16. studioalbumet til den engelske rockegruppa The Kinks, gjeve ut i 1978. Det kom ut etter at Sleepwalker hadde hatt ein viss suksess i USA og bestod av ein meir rockeprega stil enn mange av Kinks-platene frå 1970-åra. Trass i indre konfliktar i bandet, som førte til at både bassisten Andy Pyle og pianisten John Gosling slutta i bandet, nådde albumet Topp 40 i Amerika. Albumet inneheld den mindre hitsingelen «A Rock 'n' Roll Fantasy», og dei mindre suksessrike singlane «Live Life» og «Black Messiah».

Meir informasjon The Kinks-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

Misfits var det andre albumet bandet spelte inn for Arista Records, etter dei byta selskap frå RCA Records i 1976. Sjølv om bandet hadde brukt ein god del av 1970-åra på å gje ut konseptalbum, signaliserte det førre albumet deira, Sleepwalker, eit skifte mot ein meir rockeprega og enklare stil. I tillegg byrja bandet å selje bra med plater att i USA og både albumet og tittelsporet gjekk inn på listene der.[5] Etter innspelinga av Sleepwalker slutta bassisten John Dalton og vart erstatta med Andy Pyle. Under innspelinga av Misfits slutta både Pyle og pianisten i bandet, John Gosling.

Remove ads

Innspeling

Mange av songane på albumet, som «Hay Fever», «In a Foreign Land» og «Black Messiah», var songar som var til overs etter det førre albumet deira i 1977.[6] «In a Foreign Land» var meint for det førre albumet, men seint i prosessen vart han erstatta med «Mr. Big Man».[6]

Albumet vart spelt inn i Konk Studios i London etter ein uroleg turné i 1977.[7] På grunn av konfliktar mellom Ray Davies og Pyle, slutta sistnemnde i bandet. Gosling ønskte òg å slutte i bandet etter at Dalton hadde slutta, og byrja å planlegge eit nytt band i lag med Pyle.[8] Men då Ray Davies fekk nyss i prosjektet byrja han å blanda seg inn.[8] Gosling fortalte, «Me [meg og Pyle] øvde og heldt prøvespelingar i Bridge House pub i Canning Town. Det var spanande, som å byrje på nytt. Men Ray fann ut av det og byrja å kjefte på meg siste gongen me var i studio for å legge fleire lydspor til Misfits[8] Etter kvart slutta begge to. I tillegg vurderte den originale trommeslagaren Mick Avory å slutte, og vart ein mindre aktiv deltakar, og let venen til Dave Davies, Nick Trevisick, å spele trommer på fire songar og studiotrommisen Clem Cattini på «Live Life».[9] Men Avory vart verande med bandet fram til 1984. Zaine Griff og Ron Lawrence spelte bass på nokre av songane.[10]

Remove ads

Mottaking og utgjeving

Albumet gjekk ikkje inn på albumlista i Storbritannia, men nådde 40. plassen i USA.[1][10] Den første singelen frå albumet, «A Rock 'n' Roll Fantasy», vart òg ein mindre hit i USA, der han nådde 30. plassen på lista.[1] Oppfølgjarane «Live Life» og «Black Messiah» (den siste berre i Storbritannia), nådde ikkje singellistene.

Innhald

Alle spor skrivne av Ray Davies, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

På den britiske LP-utgåva vart ein lengre versjon av «Live Life» (4:47) byta ut med «Black Messiah». På CD-utgåva har ein teke med den britiske LP-sporlista og inkludert den kortare «Live Life» som bonusspor (annleis enn den amerikanske versjonen). Arista gav ut ein CD-versjon med ti spor som har same innhald som den originale, ikkje-britiske LP-versjonen.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

The Kinks

  • Ray Davies - vokal, gitar, piano, synthesizer
  • Dave Davies - sologitar, vokal (solovokal på «Trust Your Heart»)
  • Mick Avory - trommer, utanom der andre er nemnde
  • Andy Pyle - bassgitar (utanom på «In a Foreign Land»)
  • John Gosling - piano, orgel, synthesizer
  • John Dalton - bassgitar på «In a Foreign Land»

Andre musikarar

  • Ron Lawrence - bassgitar på «Live Life», «A Rock & Roll Fantasy» og «Get Up»
  • Nick Trevisik - trommer på «Trust Your Heart», «A Rock & Roll Fantasy» og «Get Up»
  • Zaine Griff - ekstra bassgitar
  • Clem Cattini - ekstra trommer
  • John Beecham - trombone på «Black Messiah»
  • Nick Newall - klarinett på «Black Messiah»
  • Mike Cotton - trompet på «Black Messiah»

Teknisk

  • Raymond Douglas Davies - produsent
  • Steve Waldman - lydteknikar
  • James Wedge - fotografi
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads