Delicate Sound of Thunder

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Delicate Sound of Thunder er det første heile konsertalbumet av den engelske rockegruppa Pink Floyd. Det vart innspelt over fem kveldar i Nassau ColiseumLong Island i New York i august 1988 og miksa i Abbey Road Studios i september 1988. Albumet kom ut 22. november 1988, på EMI Records i Storbritannia og Columbia Records i USA

Meir informasjon Pink Floyd-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innspeling

Bandet spelte inn og filma ei rekkje av konsertane sine i Omni Coliseum i Atlanta i Georgia i november 1987 for eit potensielt konsertalbum. Bandet var derimot ikkje nøgde med resultatet. Desse konsertopptaka vart derfor berre til musikkvideoar og B-sider for singlane frå A Momentary Lapse of Reason og seinare vart dei gjevne ut på piratkopiplater som Pink Floyd: The Calhoun Tapes og Would You Buy a Ticket to This Show. I august 1988 drog bandet så til Nassau Coliseum og filma og spelte inn fem konsertar mot slutten av Momentary Lapse-turneen 1987-1988.

Utgjeving

Albumet vart gjeve ut i 1988 som ein dobbel-LP, dobbel kassett og ein dobbel-CD, og kvart format hadde små endringar i innhaldet. Albumet inneheld mange songar frå A Momentary Lapse of Reason i tillegg til ein del frå eldre album. Ein videofilm av ein av konsertane vart òg gjeve ut.

Dobbel-LP-en hadde ikkje med «Us and Them». Både LP- og kassettutgåva hadde «Wish You Were Here» mellom «Another Brick in the Wall (Part 2)» og «Comfortably Numb».

Ein konsertfilm regissert av den amerikanske musikkvideoregissøren Wayne Isham kom ut på VHS, Video CD og Laserdisc. Denne vart nominert til Grammyprisen for beste musikklangfilm.

Sjølv om David Gilimour då albumet kom ut og i eit radiointervju i 1992 sa at albumet ikkje inneheldt noko overdubbing i studio, men skal ha lagt på ekstra akustsk gitar på «Comfortably Numb», i følgje lydteknikaren Buford Jones. I tillegg vart somme harmoniar erstatta av studioopptak: Richard Wright song opp att vokalen sin på «Us and Them» og Sam Brown erstatta Rachel Fury sin part på «Comfortably Numb»[4] men resten av albumet vart spelt som på konsertane.

I lag med A Collection of Great Dance Songs, vart Delicate Sound of Thunder gjeven ut på 180 gramsvinyl i november 2017.[5] Plateomslaget var ein kopi av den originale LP-utgåva frå 1988.

Salslister

Delicate Sound of Thunder nådde 11. plass på Billboard 200, og har seld over tre millionar eksemplar i USA, som han har fått 3x platinaplate for i april 1997. I Canada vart albumet sett på 57 plassen for årslista i 1989.[6]

I verdsrommet

Delicate Sound of Thunder vart det første rockealbumet som vart spelt i verdsrommet, då kosmonautar frå Sovjetunionen tok det med seg på Soyuz TM-7. Kassettetuiet vart derimot lagt igjen for å spare vekt. David Gilmour og Nick Mason var til stades under oppskytinga.[7]

Den doble LP-utgåva var òg det einaste albumet til bandet som vart offisielt gjeven ut i Sovjetunionen på det statseigde Melodija.

Innhald

CD

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

LP-utgåva

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Songar som ikkje kom med på albumet

På konsertane vart òg følgjande songar spelte, men kom ikkje med på albumet:

Songar med asterisk (*) finst på videoversjonen.

Medverkande

Pink Floyd
Andre medverkande
  • Richard Wright klaverinstrument, korvokal, solovokal på «Time» & «Comfortably Numb»
  • Jon Carin – klaverinstrument, programmering, korvokal,
  • Rachel Fury – korvokal
  • Durga McBroom – korvokal
  • Scott Page saksofon
  • Guy Pratt bassgitar, korvokal, felles solovokal på «Another Brick in the Wall (Part 2)» og «Run Like Hell»
  • Tim Renwick – gitar, korvokal
  • Machan Taylor (aka Margaret Taylor) – korvokal
  • Gary Wallis – perkusjon, ekstra klaverinstrument på «Comfortably Numb»
Produksjon

David Hewitt - innspelingsteknikar

Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (1988–89), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads