Monika Pyrek

From Wikipedia, the free encyclopedia

Monika Pyrek
Remove ads

Monika Zofia Pyrek (fødd 11. august 1980) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar frå Gdynia som vann sølvmedaljen i stavhopp under VM 2005, EM 2006, VM 2009 og VM-bronsen i 2001.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Pyrek kneip bronsen i stavtevlinga i VM 2001 då ho klarte 4,55 meter i fyrste forsøk. Like høgt hoppa ho i VM 2003 og Sommar-OL 2004, noko som resulterte i fjerdeplassar begge gongane. Både i VM 2005 og EM 2006 sikra ho seg sølvmedaljen, den suverene verdseinaren Jelena Isinbajeva kunne ho ingenting gjere med.

I VM-finalen 2007 forbetra Pyrek sitt personbeste til 4,75 m, men ettersom ho måtte ha tre forsøk på høgda måtte ho ta ti takke med fjerdeplassen. Under IAAF-finalane i Stuttgart i slutten av september same året sette ho sin endelege personlege rekord med eit hopp 4,82 m og vart nummer to, som i verdsmeisterskapen vann Isinbajeva. Etter femteplass i Sommar-OL 2008 vann Pyrek ein sølvmedalje i i Berlin-VM 2009, der landskvinna Anna Rogowska vart verdsmeister.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads