Monolith av Kansas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Monolith er det sjette studioalbumet til det amerikanske progressive rockebandet Kansas, gjeve ut i 1979. Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i 2011 med bonusspor.
Remove ads
Oversyn
Det var det første studioalbumet som vart produsert av bandet sjølv, og vart det tredje albumet deira som gjekk inn på topp 10 på Billboard-lista'. Likevel fekk Monolith dårlege meldingar og salstala var skuffande.[1] Den første singlen, «People of the South Wind», stoppa på topp 30 på Billboard Hot 100 i august 1979 og dei gav raskt ut «Reason to Be» som ny singel, slik dei hadde gjort med hitten «Dust in the Wind»,[2][3][4][5] men «Reason to Be» nådde berre 52. plassen på lista.[6]
Etter den amerikanske delen av Monolith-turneen, drog bandet til Japan for første gongen i januar 1980. Fire songar frå denne japanske turneen vart gjeve ut på ein EP kalla Kansas Monolith Tour 1980 in Japan og sendt til radiostasjonar.
Monolith selde til platinaplate tidleg i 1990-åra. Kerry Livgren donerte platinaplata si til Kansas State Historical Society.[7] Albumet nådde tiandeplassen på Billboard-lista.[8]
Det vart laga musikkvideoar for fire av spora på Monolith: «On the Other Side», «People of the South Wind», «Away from You» og «Reason to Be».
Remove ads
Mottaking
John Swenson i Rolling Stone, som tidlegare hadde melt Point of Know Return, var langt mindre nøgd med Monolith, og kritiserte særskild at det var pretensiøst: «dette bandet er berre ein amerikansk versjon av The Moody Blues og Emerson, Lake and Palmer» Seriøs musikk som vender nasa opp til uttrykksevna i rock & roll og erstatta bombast med kjensler.»[10]
Robert Taylor i AllMusic gav albumet to av fem stjerner og skreiv at bandet spelte bra, men kritiserte stilen deira som oppbrukt og generell mangel på retning. Han kritiserte særskild dei barnslege tekstane og at dei skifta fokus mot radiovenleg musikk.[9]
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Kansas
- Steve Walsh – klaverinstrument, solo- og korvokal
- Kerry Livgren – gitar, klaverinstrument
- Rich Williams – gitar
- Robby Steinhardt – fiolin, korvokal, solovokal på «Angels Have Fallen,» «How My Soul Cries Out for You,» og «Stay Out of Trouble,» ambolt
- Dave Hope – bass
- Phil Ehart – trommer
- Andre medverkande
- The O.K. Chorale - korvokal på «Angels Have Fallen»
- Produksjon
- Kansas - plateprodusent, konsept for omslaget
- Brad Aaron, Davey Moiré - lydteknikar, miksing i Capricorn Studios i Macon i Georgia
- Les Horn, Steve Tillisch - assisterande lydteknikar
- Tom Drennon - kunstnarisk leiar og design
- Bruce Wolfe - illustrasjonar
- Neal Preston - fotografi
Remove ads
Salslister
Salstrofé
Land | Organisasjon | År | Sal |
USA | RIAA | 1995 | Platina (+ 1 000 000)[7] |
Canada | CRIA | 1979 | Gull (+ 50 000)[16] |
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads