Monster av Steppenwolf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Monster er det fjerde studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet Steppenwolf. Albumet kom ut i november 1969 på ABC Dunhill Records. Det var det første albumet deira med den nye gitaristen Larry Byrom i staden for Michael Monarch. Albumet var det mest politiske albumet til Steppenwolf, med referansar til viktige tema på den tida, som Vietnamkrigen.
Albumet var det første Steppenwolf-albumet som ikkje hadde ein amerikansk topp ti-hit, sjølv om to singlar frå albumet kom inn på topp 40: «Move Over» og «Monster».[6]
Remove ads
Mottaking
Kritikken av Monster har generelt vore negativ. Rolling Stone kommenterte at spelinga til dei enkelte utøvarane er «av øvste hylle», men at «arrangementa deira har vorte slurvete og rått, og dei tidlege Zappa-tekstane kolliderer kontinuerleg med musikken.»[4]
AllMusic kritiserte albumet i den retrospektive meldinga si og noterte at «desse klumpete hardrocklåtane ikkje var eit effektivt middel til å ta opp viktige politiske tema, verken politisk eller musikalsk.»[3]
På den andre sida hylla Village Voice-kritikaren Robert Christgau albumet. Christgau gav albumet terningkast B+ og kalla det «eit utmerkt comeback», sjølv om han meinte at dei forkynnande tekstane skjemde sluttresultatet noko.[5]
Record World kalla tittelsporet ein «rocka smash» der «gruppa aldri har høyrdest betre ut».[7] Record World sa om singelen «Move Over» at «Steppenwolf er attende på det beste sporet.»[8]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
Steppenwolf
- John Kay – vokal, munnspel, gitar
- Larry Byrom – sologitar
- Nick St. Nicholas – bassgitar
- Goldy McJohn – Hammondorgel, piano
- Jerry Edmonton – trommer og solovokal på «What Would You Do (If I Did That To You)»
Technical
- Gabriel Mekler – produsent
- Bill Cooper – lydteknikar
- Richard Podolor – lydteknikar
Salslister
Album
Singlar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads