Amiata
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Monte Amiata er eit fjell i Antiappenninane i Toscana i Italia med ei høgd på 1 738 meter over havet. Det ligg i provinsane Grosseto og Siena.
Amiata er ein gamal, utdøydd vulkan med vulkansk stein og små innsjøar. Vatn frå fjellet fyller Fiora-akvedukten, som gjev vatn til mykje av det sørlege Toscana og område nord i Lazio. Elvane Fiora og Albegna har sine utspring her, sistnemnde i Buceto, som er ein utstikkar sørvest for sjølve massivet.
Hovudnæringa i området er kastanjer, tømmer og i aukande grad turisme (skistader finst ved Prato delle Macinaie, Prato della Contessa, Rifugio Cantore og Pian della Marsiliana). I dei lågareliggande områda finn ein oliventre og vinranker. Annan vegetasjon er mellom anna bøk og furu. I antikken vart det utvunne sinober her.
Amiata omfattar kommunane Abbadia San Salvatore, Arcidosso, Castel del Piano, Piancastagnaio, Santa Fiora og Seggiano, alle i ei høgd på mellom 600 og 800 meter over havet.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Monte Amiata» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads