Mosken

From Wikipedia, the free encyclopedia

Moskenmap
Remove ads

Mosken er ei fjelløy i Værøy kommune i Nordland. Øya ligg mellom Værøya og Moskenesøya i Lofoten. Det høgastep punktet på Mosken er Wilhelmstind på 385 moh. Øya er ikkje busett og har eit areal på 1,5 km²

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Mosken vart tidlegare nytta til beite for sau, både sommar- og vinterstid. [1]

Mosken og småøyane rundt er eit viktig hekkeområde for toppskarv, lomvi, stormsvale, havsvale, ærfugl og teist. [2]

På Svarven like utanfor Mosken hadde fiskarane tidlegare rorbuer og tilhald under seifisket på seinsommaren og hausten.

Mellom Moskenesøya og Mosken går Moskenstraumen, ein av dei kraftigaste havstraumane i verda. Moskenesstraumen er berykta, og har vore skildra av både Petter Dass, Edgar Allan Poe og Jules Verne.

Namnet Mosken vert elles nytta både som etternamn og fornamn i Noreg.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

  • Bilete av Mosken: , ,

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads