Murree

From Wikipedia, the free encyclopedia

Murreemap
Remove ads

Murree (urdu مری, frå marhi, 'høg stad') er ein by i Murree-åsane i Panjab i Pakistan. Det kjølige klimaet der gjer byen til ein populær sommarferiestad for innbyggjarar i Islamabad og byar i Punjab i Pakistan, og tidlegare for koloniherrane i Britisk India.

Kjappe fakta Land Provins, Nazim ...

Murree er også administrasjonssenter i Murree Tehsil, eit område i Rawalpindi distrikt som omfattar Murree-åsane. Den viktigaste folkegruppa i Murree er dhond abbasi.

Remove ads

Historie

Thumb
Hovudgata The Mall i Murree, fotografert i 1940.

Murree blei grunnlagd i 1851 av Sir Henry Lawrence, guvernøren av Punjab, som ein opphaldsstad for britiske troppar stasjonert ved den afghanske grensa og som eit sanatorium. I 1857 blei hovudvegen The Mall bygd og den anglikanske kyrkja midt i byen vigsla.

Murree var behageleg kjølig om sommaren, og styresmaktene i Panjab flytta hit på denne årstida fram til 1876, då ein i staden tok i bruk Simla i Himalaya til sommarhovudstad. Jarnbanelinja til Lahore gjorde Murree lett å koma til, og han var mykje brukt som sommarbustad av statstilsette i Panjab. Det offisielle folketalet på 1844 i 1901 kunne stiga til så mykje som 10 000 om sommaren.

Byen er framleis prega av engelsk arkitektur og av eksotisk europeisk-innført frukt som kirsebær, jordbær og bringebær.

Remove ads

Folk frå Murree

Fleire kjende angloindarar blei fødde i Murree:

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads