Musculus serratus posterior superior

From Wikipedia, the free encyclopedia

Musculus serratus posterior superior
Remove ads

Musculus serratus posterior superior (frå latin serrare - «å sage», posterior - «bakre», superior - «øvre»), på norsk òg kalla den øvre bakre sagmuskelen, er ein tynn muskel som ligg heilt inntil ribbeina i den øvste, dorsale delen av brystkassa.

Kjappe fakta

Han kjem frå ein tynn og brei aponevrose frå den nedste delen av ligamentum nuchae, frå ryggtaggane i den øvre delen av brystregionen, processi spinosi C7-Th3, og frå ligamentum supraspinalis. Muskelen søkk nedover og lateralt og deler seg opp i fire muskelbukar, og dei festar på andre til fjerde ribbein.

Han har som funksjon å hjelpe til ved respirasjon og er med det ein aksessorisk respirasjonsmuskel.

Remove ads

Sjå òg

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads