Musculus serratus posterior inferior

From Wikipedia, the free encyclopedia

Musculus serratus posterior inferior
Remove ads

Musculus serratus posterior inferior (frå latin serrare - «å sage», posterior - «bakre», inferior - «nedre»), på norsk òg kalla den nedre bakre sagmuskelen, er ein muskel som ligg heilt inntil ribbeina i den nedste, dorsale delen av brystkassa.

Kjappe fakta
Remove ads

Anatomi

M. serratus posterior inferior spring ut frå dei to nedste torakale og dei to øvste lumbare ryggtaggane processi spinosi Th11-L2 og ligamentum supraspinale som ligg som dekkjer til processi spinosi dorsalt. Muskelen startar som eit tynt seneblad som kjem frå lig. supraspinale og ryggvirvlane. Det har òg fibrar blanda med fascia thoracolumbalis. Etter senebladet går muskelen over i muskelbuken som deler seg opp i fire muskelbukar. Han går skrått oppover og lateralt og festar på underkantane av niande til tolvte ribbein med fire muskelbukar som går til kvart sitt ribbein.

Remove ads

Rørsle

M. serratus posterior inferior trekkjer ribbeina dorsalt og nedover for hjelpe til i roteringa og ekstensjonen av truncus. Når begge musklane kontraherer vil det bidra i forsert ekspirasjon av luft frå lungene.

Fleire bilete

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Musculus serratus posterior inferior
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads