My Ding-a-Ling

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«My Ding-a-Ling» er ein humoristisk song skriven og spelt inn av Dave Bartholomew. Han vart covra av Chuck Berry i 1972 og vart den einaste singelen hans som gjekk til topps i USA. Seinare det året vart ein lengre, uredigert versjon gjeven ut på albumet The London Chuck Berry Sessions. Gitarist Onnie McIntyre og trommeslagar Robbie McIntosh, som seinare på året starta Average White Band spelte på singelen i lag med Nic Potter frå Van der Graaf Generator på bass.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«My Ding-a-Ling» vart opphavleg spelt inn av Dave Bartholomew i 1952 for King Records. Då Bartholomew flytta over til Imperial Records spelte han inn songen på nytt med tittelen «Little Girl Sing Ting-a-Ling». I 1954 gav The Bees på Imperial ut ein versjon kalla «Toy Bell». Berry spelte inn ein versjon kalla «My Tambourine» i 1968, men versjonen som toppa listene vart spelt inn på ein konsert under The Lanchester Arts Festival i Locarno ballroom i Coventry i England den 3. februar 1972, der Berry – i lag med The Roy Young Band – toppa plakaten i lag med artistar som Slade, George Carlin og Billy Preston. Programleiaren Jim Connors ved WMEX i Boston fekk ei gullplate for å ha oppdaga songen og bidra til at songen nådde toppen av lista. Billboard rangerte songen på 15. plassen for lista for heile 1972.

Songen er basert på melodien til ei folkevise frå 1800-talet kalla «Little Brown Jug».

Remove ads

Mottaking

Sidan teksten har indikasjonar om onanering sungen med stor entusiasme av Berry og publikum, førte dette til at mange radiostasjonar nekta å spele songen, og Mary Whitehouse prøvde utan hell å få songen bannlyst.[1]

I Icons of Rock kalla Scott Schinder songen «ein umoden, tvitydig ode til onani».[2] Robert Christgau skreiv at songen «let mange 12-åringar få ein ny innsikt i det utdøyande konseptet 'skitten'».[3]

Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1972), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads