Osmantyrkisk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Osmantyrkisk (osmantyrkisk لسان عثمانی, lisân-ı Osmânî) var det offisielle språket i Det osmanske riket og var ein variant av tyrkisk. Det inneheldt ein god del låneord frå både persisk og arabisk, og som eit resultat av dette var språket ofte uforståeleg for dei utan utdanning.

Osmantyrkisk
Klassifisering: Tyrkisk
 Sørtyrkisk
  Osmantyrkisk
Bruk
Utdøydd: 1928
Språkkodar
ISO 639-2: ota
ISO 639-3: ota

Språket blei skrive med ei form av det persiske alfabetet (arabisk skrift). Då Det osmanske riket var på sitt mektigaste blei det brukt fleire framandord enn opphavleg tyrkiske ord i språket,[1] og arabisk eller persiske ord utgjorde rundt 88 % av ordforrådet.[2]

Tyrkarar utan utdanning, frå lågare samfunnslag og på landsbyga, heldt fram med å bruka kaba Türkçe ('rå/vulgærtyrkisk', som i vulgærlatin), som hadde mykje færre framande lånord, og er utgangspunktet for moderne tyrkisk.[3] I reformtida tanzimât byrja ein ta i bruk nemninga «ottoman» eller «osman» om språket.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads